onsdag 26. november 2014

Bok 95 2014: "Hotellet på hjørnet av bitter og søt" av Jamie Ford

Denne romanen er ei fin, men noko søtladen, bok om eit emne eg visste lite om frå før. Hovudpersonen er ein amerikansk kinesar som under andre verdskrig var forelska i ei amerikanskfødd japansk jente. Fordi USA var i krig mot Japan, vart mange amerikanarar av japansk opphav internerte. Dette skjedde med venninna til hovudpersonen, og dei miste kontakten.

Eg likte boka svært godt ei stund, men mot slutten vart det altfor mange klisjéar å forhalde seg til.

1 kommentar:

  1. Ja, eg var litt forundra over at du var så begeistra, for det var ikkje eg.

    SvarSlett