Denne boka kom ut i 2012, og eg var litt spent på korleis den aldrande forfattaren skriv no. Ho er fødd i 1931, og på mange måtar hadde ho si stordomstid som forfattar på 1970- og 80-talet. På 70-talet hadde ho stor suksess som manusforfattar til TV-serien "Herskap og tjenere", og på 80-talet var det spesielt feministiske bøker som "En hunndjevels bekjennelser" som gjorde henne populær. Eg var sjølv ihuga fan av bøkene hennar på slutten av 80-talet og byrjinga av 90-talet, og meiner framleis at hennar skarpe humor har gjort underverk for feminismen.
Dilberne-serien, som eg no har lese første bok i, har handling som minner om "Downton Abbey", med kvardagslivet til overklasse og tenarskap i sentrum. I Weldons univers er problema litt meir direkte knytt til pengar og seksualmoral, og ho har alltid ein viss brodd når ho skildrar personane. Eg har likt boka svært godt, sjølv om mykje er føreseieleg og enkelt, og anbefaler alle Downton Abbey-tilhengjarar å lese den. Fay Weldon er ikkje så frisk i pennen som ho ein gong var, men ho har likevel ein humor som overgår mange yngre forfattarar i liknande sjangrar.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar