lørdag 4. april 2015

Bok 26 2015: "1983" av Jonny Halberg

Robert veks opp hos faren, som er yrkesmilitær. Sjølv vil Robert bli militærnektar og forfattar, men slit med å finne seg sjølv. Der er mange rundt han som fortel han at klesstilen hans er feil, at han ikkje les dei rette tinga eller skriv på den rette måten. Alle andre osar av sjølvtillit, medan han sjølv slit med å verte intellektuell nok og å bli akseptert av dei rette menneska.

Eg likte denne boka godt. Spesielt møta mellom Robert og somme særskilt pretensiøse menneske vart godt og humoristisk skildra. Ein er spesielt sjølvsikker, sidan han har fått publisert ei novelle, medan ein annan har fått rosande omtale av tre dikt, men ikkje publisert dei. Desse set seg sjølv langt oppe på rangsstigen, medan dei latterleggjer Robert. Her er òg nokre fine scener der Robert nesten duellerer med andre gjennom å ramse opp forfattarnamn. Her gjeld det å seie dei rette tinga, om dei rette personane. Robert les tidsskrift der han plukkar opp kommentarar han kan kome med sjølv seinare.

Boka gir eit artig tidsbilete av 1980-talet, så den passar godt som mimrebok for dei av oss som hugsar tiåret. Den er òg tidlaus i ein del av tematikken, spesielt konflikten mellom Robert og faren.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar