mandag 6. april 2015

Siste feriedagen

Når ein har fem undervisningstimar dagen etter, vert fridagen noko amputert. Heldigvis har eg gjort klart det meste av undervisningsopplegg før ferien, så eg trengde eigentleg berre eit par timar til å friske opp att stoffet til i morgon. Likevel legg det ein dempar på fridagen når ein skal innstille seg på jobb att. Eg må innrømme at eg snik-kika på kalenderen for å finne ut kva tid eg får fri att. Vi går ei travel tid i møte på jobb, med heildagsprøver og eksamensførebuing, så fridagane vert ekstra kjærkomne.

Elles har vi brukt ein del tid i hagen i dag. Hundegarden trengde reparasjon etter nokre vindfulle kveldar i vinter, og den er snart klar til bruk att. Ein heil del rusk er blitt fjerna frå plen og bed, sjølv om det vart vanskeleg å rake når det bles så mykje. Visna buskar og stauder må røskast vekk og gi plass til nye spirar, og denne prosessen har eg i det minste starta på. Eg er litt redd å starte for hardt, i og med at eg plar få vondt i armane, og fordi eg har ein lei tendens til å gå hardt ut og gå lei undervegs. Hagestell er noko eg likar å styre med, spesielt når eg får litt hjelp til dei tyngste taka.

Eigentleg burde eg ha teke nokre før- og etter-bilete, men det såg ganske ille ut før, og ikkje heilt fantastisk ut etter. Av og til er det berre ein sjølv som forstår kor mykje som er blitt gjort. Uansett er det meir synleg resultat enn av skulearbeid.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar