Vår tøffe og spreke tante feira på laurdag 80-årsdagen sin ein dag på førehand. Frammøtte var brørne med koner, to nieser (systa og eg), dei tre barna, svigerbarn, barnebarn, svigerbarnebarn og oldebarn. Det var kjekt å møte slekta, og mange hadde vi aldri møtt eller ikkje møtt på svært lenge. Dess eldre ein blir, dess meir set ein pris på slekt. Vi hadde ei kjekk feiring av den strålande jubilanten, og takkar slekta for laget!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar