torsdag 9. april 2015

Bok 28 2015: "Segelfoss by" av Knut Hamsun

Dette er forfattarens andre roman om det oppdikta nordnorske samfunnet Segelfoss. Mange av karakterane frå "Børn av tiden" er med i denne boka òg, og dei vert vidareutvikla som personlegdomar på ein svært underhaldande måte. Her er oppkomlingar, som oppkomlingen Hamsun paradoksalt nok lattarleggjer, omreisande teaterfolk som ler av dei fastbuande og litt enkle og naive bygdefolk som gjer sitt beste for å følgje med i tida. Miljøskildringa står i sentrum, og ein kan sjå linjer framover mot seinare nordnorske diktarar. Eg kosa meg stort med denne boka, som er glimrande innlesen på lydbok.

1 kommentar:

  1. Dumt at eg leverte inn Hamsunboka di utan å rippe den, forstår eg. Du får oppdatere meg om kva eg skal lese og i kva rekkefølge.

    SvarSlett