søndag 16. august 2015

Straumsdalen og Jutelen (om lag 650 moh)

Laurdag ettermiddag fann vi ut at vi skulle gå opp på det fjellet som sperrar for kveldssola her hos meg. Vi gjekk opp skogsvegen til Straumsvatnet, deretter gjekk vegen i flott terreng utan rås opp til ein fjelltopp som eg ikkje veit namnet på. Etter det eg har forstått, er Jutelen den toppen som heng ut mot sjøen, men sjølve fjelltoppen er høgare oppe. Der var nydeleg utsikt, og mange fine plassar ved små og større vatn. Der er framleis snø somme stader, og mange elvar og bekkar som gjorde det mogleg å overleve i varmen. Dette er eit vakkert fjellområde, og neste gong skal vi prøve å gå opp dit frå Folkestadsetra.














2 kommentarer:

  1. De er "heldige" som er i så god form-og flinke som utnyttar potensialet. Som du veit, blir eg nervøs av "bratte"bilde, men sidan du ikkje har falle ned, får eg vel tilgi deg.

    SvarSlett
    Svar
    1. Mottoet er: "sei alltid ifrå kvar du har vore"...

      Slett