onsdag 19. august 2015

Laurdalen på første frionsdagen

Sommaren er endeleg komen, og både tysdag ettermiddag og i heile dag har eg fått nyte livet i solskin og varme.

Sidan ungane har travle dagar, er dei vanskelege å få med på større utflukter etter skuletid. Eg tenkte derfor eg skulle gå tur på føremiddagen i dag, og dagens tur gjekk til Laurdalen på Bjørkedalen (ein køyrer opp forbi båtsamlinga, så går setrevegen langt og bratt oppover). Vi stogga eit stykke før vegs ende, så vi fekk gå ein del av turen på fin grusveg. Det er litt slitsamt å gå i naturen når det er så varmt, for det er mykje klegg for tida. Det var ein del molter å sjå, men vi plukka berre dei som var heilt modne og åt dei på direkten.

Veslejenta skulle spele kamp etter skuletid, så eg varma opp resten av gårsdagens middag før Minstemann kom heim. Han hadde vore på setertur med skulen på Folkestad, så han var vel nøgd med dagens mosjon. Vi kunne såleis ta det roleg resten av ettermiddagen og slappe av i sola - noko eg syntest vart så varmt at eg heller luka bed.

Store-Toren og Lisje-Toren

Torane sett frå ein annan vinkel

Charlie i moltemyra, med Felden i bakgrunnen

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar