søndag 21. februar 2016

Bok 14 2016: "Borgermesteren" av Thomas Hardy

I studietida fekk eg stor sans for Thomas Hardy, mykje fordi vi hadde ein "tutor" som hadde skrive hovudfagsoppgåve om forfattaren. Stilen han skriv i er i skjeringspunktet mellom romantikk og realisme, mykje som den langt betre kjende Charles Dickens.

"Borgermesteren" er ein klassisk tragedie om ein fattig ung mann som sel kona og babyen sin til ein sjømann då han sjølv er påverka av alkohol. Mange år seinare har han blitt borgarmeister i ein liten by, og kona dukkar opp saman med ei ung jente. Mange intrigar oppstår, og spenninga er stor gjennom heile romanen. Korleis vil det gå med dei tre? Er det mogleg å klatre på samfunnsstigen og kome vekk frå den personen ein ein gong var?

Det er artig med gamle bøker, og denne er frå 1886. Hardy er skeptisk til sosial mobilitet, samtidig som han òg opnar for at gode menneske kan få ein viss suksess. Boka er absolutt verd å lese 130 år etter at den kom ut.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar