fredag 26. februar 2016

Torsdag med kommunestyret

I dag var det duka for ein heil dag saman med dei andre i kommunestyret, der vi skulle diskutere framlegg til mål og strategiar for samfunnsdelen i kommuneplanen. Dette er ein lang prosess som vi har halde på med ei stund, og som enno ikkje er avslutta. Heldigvis har vi dyktige folk i kommuneadministrasjonen, som set det heile i samanheng og omformulerer til eit produkt vi kan stå samla bak.

Då arbeidet med kommuneplanen vart avslutta for denne gong, ommøblerte vi lokalet og hadde deretter kommunestyremøte i eit par timar til. Totalt 8 1/2 time gjekk med av denne feriedagen.

Eg har stor respekt for kollegaene mine i kommunestyret, som er villege til å bruke så mykje tid og krefter på det dei trur på og meiner noko med. Vi hadde alle hatt det meir komfortabelt heime i sofaen, der vi kunne ha slengt ut meiningar om både det eine og det andre utan å måtte stå til ansvar. Å engasjere seg er å ta ansvar, sjølv om ein veit at ein ikkje får gjennomslag for alt ein meiner.

Vel heime laga Småungane middag til Storegut kom heim frå jobb, og resten av kvelden sat vi samla i sofaen. Eldstejenta reiste til Oslo att i dag, og det er ikkje så lenge til vi skal besøke henne der.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar