onsdag 10. februar 2016

Fri-kvardag

Etter to lærerike dagar som student hadde hovudet mitt godt av ein fridag. Det er herleg å sove til ein vaknar av seg sjølv, gjerne eit par timar etter ordinær morgonrytme. Minstemann stod opp like etter meg, og snart var vi på tur ut med hunden. Eg hadde mest lyst til å vente til sola kom, men Minstemann ville ut med det same og "få det overstått", som han sa. Vi gjekk ein nokså lag tur, og vi hadde ein hyggeleg prat med ein som var ute og saga.

Vel heime sette eg meg til med pensumlitteraturen min - eg har lese over helvta av pensum no, men hugsar skremmande lite.

Til middag laga eg pannekaker med bacon og blåbærsylte, mykje for å glede Veslejenta, som kom heim frå skulen 14.30. Det er kvardagslukke å kunne tilbringe rolege timar saman med borna på ein kvardag, og eg veit at det truleg blir få slike dagar i framtida. Eg nyt dei desto meir.

2 kommentarer:

  1. Ja, nyt dei du har att! Eg hadde et år der eg var på jobb alle dagar før eg gjekk opp i 100%. Med studiar er du vel oppe i 100 for lengst!

    SvarSlett
  2. Frå og med komande veke skal eg jobbe 95%. Eg er ikkje sikker på om eg skal halde fram med studiane til hausten, men førebels tek eg eit halvår og ein eksamen om gongen. Det blir mykje, med politikken i tillegg.

    SvarSlett