onsdag 3. februar 2016

"La læraren vere lærar" ved Trond Giske

Tysdag tok vi turen til Eid om kvelden, for der skulle Trond Giske halde eit foredrag om skulepolitikken til Arbeidarpartiet ut frå den boka han har skrive om læraryrket. Giske hadde mange gode visjonar, og han viste faktisk til mykje av det eg har lese av teori siste halvåret for å støtte det han gjekk inn for. For meg vart det dermed ekstra interessant å sjå kva tiltak som skal gjerast for å få til det som teorien seier må til for å få ein vellukka skule.

Eitt av hovudpoenga hans var å hindre fråfallet i den vidaregåande skulen, og å bruke "tidleg innsats" som verkemiddel. Det viser seg nemleg at dei som droppar ut av vgs gjerne har begynt å sakke akterut i 3. - 5. klasse på barneskulen, og at dei deretter berre vert liggande lengre og lengre bak dei andre. Ironisk nok har dei fleste spesialpedagogiske midlar blitt sett inn i ungdomsskulen og vgs, sjølv om det hadde hatt mykje større effekt å bruke meir pengar i barneskulen.

Det vart ein inspirerande og lærerik kveld, og eg håpar at Giske svært snart får erstatte statsråden vi no må slite med i kunnskapsdepartementet.

2 kommentarer:

  1. Der støttar eg deg!Og utfordringane er mange og komplekse!

    SvarSlett
  2. Det som ein sjølv har tenkt og sagt i fleire tiår, ser no til å gå opp for ekspertisen også. Det er kjekt å høyre, men også frustrerande. Kvifor har ein prøvd (meir og mindre) å henge seg på alle nye idear, når ein eigentleg ikkje hadde trua? Hjelp så tidleg som muleg er sjølvsagt, til dømes. Elles er både skulen og elevane annleis no enn berre for 10-20 år sidan.

    SvarSlett