mandag 8. februar 2016

Kvardag

I denne veka får eg vere student i to dagar, og det set eg sjølvsagt stor pris på. Temaet for måndagens forelesningar var mellom anna lærings- og motivasjonsteori, så det går rett inn i lærargjerninga på fleire område. Ein kan vel seie at det faget eg tek no ligg i skjeringspunktet mellom psykologi og pedagogikk, noko som er relevant også for ein garva faglærar.

Vel heime mekka eg middag. Ungane fekk velje, og då vart det tomatsuppe med kokt egg og makaroni. Meir kvardagsleg kan det neppe bli, tenkte eg, men det var no ikkje komplett usunt. Spesielt ikkje når vi brukte fullkornpasta og drakk appelsinjuice til. Så sunt var det faktisk at vi måtte dele ein sjokolade til dessert, og så sette vi oss med kvar si bok alle tre og hadde ei stille stund. Ja, nokre av oss somna, sjølvsagt, det var ikkje akkurat uventa.

I kveldinga har Minstemann besøk av ein kompis, Veslejenta ser serie på rommet og Gamla gjer litt husarbeid og slappar litt av. Det er hardt for hovudet å vere student, så i kveld tek eg det roleg for å kome meg gjennom morgondagen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar