mandag 21. mars 2016

22. juli-senteret


Dei tre yngste hadde ikkje vore innom 22. juli-senteret før, så då tok vi turen dit i dag. Minstemann var berre 8 1/2 år då massakren på Utøya fann stad, så han vart noko skåna for mediasendingane i tida etter 22. juli. Veslejenta var med på å gå i rosetog, men også ho vart noko skåna.Dermed var det greitt med ei oppfrisking av historia - fem år er lang tid i eit ungt liv.

På 22. juli-senteret får ein mykje informasjon om kva som skjedde 22. juli, og ein får sjå bilete av dei fleste offera. Det er sterkt og rørande å sjå, og for kvart år har gjerningsmannen stole enda eit år av liva til offera sine. Nokre av dei var 16 år, og ville i år ha blitt 21. Dei fem åra er blitt stolne frå offera og familiane deira, og i tillegg har dei fem åra sidan 2011 vore svært harde for mange overlevande og deira næraste.

Paradoksalt nok lever vi i ei tid der haldningane til gjerningsmannen nesten er blitt stovereine.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar