onsdag 2. mars 2016

Bok 17 2016: "Undis Brekke" av Gunnhild Øyehaug

Forfattaren er dotter av min tidlegare norsklærar og ein tidlegare kollega av meg, og ho har vakse opp i same bygda som eg budde dei første tjue åra av livet mitt. Det er derfor ekstra spennande å følgje henne som forfattar, og eg har lese eit par bøker av henne før.

I denne romanen møter vi Undis Brekke, som er 38 år og vender attende til heimbygda for å undervise på høgskulen der. Ho har nyleg gjort det slutt med kjærasten, og no møter ho att nokre tidlegare kjenningar på ein førejulsfest der det vert servert saudehovud. 

Romanen er underhaldande, på sett og vis, men eg hadde fleire gonger kjensla av å ha lese den før. Kanskje har eg lese utdrag, kanskje minner den om andre bøker eg har lese (til dømes av Helene Uri). Uansett var den rask og lett å lese, og Undis var ei artig dame å bli kjend med.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar