onsdag 16. mars 2016

Tur til Kvitneset (Brandal) og Hjørungavåg

I dag var det skodde inne i fjorden der vi bur, og eg hadde meir lyst til å tilbringe fridagen på tur enn å ferdigstille oppgåva mi (bombe!).

Turen gjekk til ytre strok, der våren er i full gang og sola skein frå skyfri himmel. Det var som å få ei vitaminsprøyte berre det.













Først reiste vi til Kvitneset ved Brandal, der det låg ein tysk militærleir under andre verdskrig. Der er mange restar etter bygningar, og mykje spennande å sjå. Dessutan fekk eg gå på svaberg og kjenne havluft, og til og med sjå storhavet i horisonten.

Sola forsvann bak eit fjell, og vi køyrde då vidare til Hjørungavåg, der vi rusla rundt på stranda og ut til vikingmonumentet frå 1986.




Brått var klokka så mykje at vi måtte hive oss rundt og køyre heim, men eg skulle gjerne ha vore meir der ute. Eg er litt øyaværing inst inne, spesielt om våren.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar