lørdag 2. april 2016

Bok 25 2016: "Kvikksand" av Henning Mankell

Mankell er mest kjend for kriminalbøkene sine, så dette er ei bok som skil seg ut i forfattarskapen. Boka skreiv han etter å ha fått kreftdiagnosen, og ein kan samanlikne innhaldet noko med Knausgård sine Min kamp-bøker i og med at den inneheld minne om hendingar, skildring av situasjonen i notid og mykje refleksjon om menneskeheita, tid, liv og død. Til tider er det ei dyster bok, med tanke på at forfattaren no er død, men den er først og fremst tankevekkjande og filosofisk. Eg likte den godt, sjølv om det på ingen måte var lett underhaldning. Tittelen seier vel sitt i så måte.

Finn Schau les lydboka på ein svært god måte, noko som løftar leseopplevinga.

1 kommentar:

  1. Eg likte også godt denne boka, sjølv om eg vegra meg litt for å lese den -i utgangspunktet. Artig at du også samanliknar med Knausgård, eg tenkte at denne boka på mange måtar minte om korttekstane hans.

    SvarSlett