søndag 3. april 2016

Straumshamn på søndag

Ivrige blogglesarar har kanskje fått med seg at eg på frionsdagen la ut bilete av nokre gamle murar. Eitt av bileta la eg dessutan ut på facebook, og der stilte eg spørsmål om det var nokon som visste noko om murane. Det gjekk ikkje lenge før eg fekk napp, og brått hadde eg fått ein lokalhistorisk "date" saman med andre frå heimbygda.

Eg skal ikkje røpe det eg fekk høyre, anna enn at det var ei dramatisk og delvis tragisk historie som innbefatta fattiglemer, rettssaker og fråflytting. Vi vart einige om å møtast att seinare på våren for å ta ei "synfaring" i området, og det ser eg fram til. Eg fekk dessutan høyre mykje om bygda her i fortida, både for svært lenge og ikkje så lenge sidan. 

Illustrasjonsbiletet er teke av det aktuelle området, sett frå den andre sida, der vegen går. Dagens føremiddagstur gjekk frå huset mitt langs ein gamal, delvis attgrodd skogsveg, og deretter inn til Kile. Føremålet med turen var å sjå over på den andre sida av Kilspollen, der ein i gamal tid bygde store fiskebåtar. Ein kan sjå at skogen nesten er hogd ut like ovanfor gardane, og materialet vart brukt til båtbygging.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar