onsdag 6. april 2016

Fri-onsdag: studium, klesvask, tur og møte

I dag skulle vi få levert ny vaskemaskin i heimen, så Minstemann og eg vart verande i heimen. Der rydda vi vaskerommet, og eg fekk lese eit kapittel i psykologiboka medan Minstemann tromma.

Vi har samla ganske mykje klesvask sidan vi kom heim frå påskeferie, sjølv om eg har teke unna litt for hand, så det var svært kjærkome å få sette i gang den første klesvasken. Den nye maskina tek ein kilo meir, så det fører til at arbeidet går raskare. I kvardagen har eg ikkje behov for ei så stor maskin, men det er veldig kjekt akkurat no, og når alle skal skifte på sengane sine samtidig.

Vaskemaskin-karane kom like før eg måtte ta til med middagen, og den var ferdig like etter at Veslejenta kom heim. Det er ein fin kvardagsluksus å kunne servere eit litt tidkrevjande måltid på fridagen, og i dag hadde eg bruna lauk og steikt kotelettar.

Etter middag ville Minstemann ut på tur, og det var eg med på. Etter å ha høyrt meg fortelje om folket frå Plassen, ville Minstemann gjerne gå dit for å sjå murane. Etterpå gjekk vi over raset til Kile, og hovudvegen heim. Mot slutten fekk vi litt tidsnaud, for eg skulle til Ørsta på politisk møte. Ungane styrte seg heime medan mora var vekk, og eg kom heim til reine sengeklede på senga og støvsuga hus.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar