torsdag 28. april 2016

Charlie 2 år

Kullet: Aika, Charlie og Atlas
I dag feirar vi bursdagen til familiens yngste, hunden Charlie. Han er ein fantastisk representant for rasen Shetland Sheepdog. Dei kan vere nervøse og folkesky, noko han aldeles ikkje er. Noko bjeffing blir det derimot, noko som òg er vanleg for rasen.

I år satsar vi ikkje på utstillingar og hundeklubbtreff, sidan dette ikkje var noko som passa så godt for Charlie. Vi kjem til å satse mykje meir på lange turar, når berre matmor blir ferdig med eksamen. Håper sommaren blir nokolunde tørr og skoddefri!

Takk til hundeoppdrettar Isabell for denne sjarmerande pelsdotten - livet har fått ein ny dimensjon med han i heimen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar