lørdag 16. april 2016

Bok 28 2016: "Britt-Marie var her" av Fredrik Backman

63 år gamle Britt-Marie har forlate ektemannen fordi han var utru. No skal ho etablere seg på nytt, noko som er vanskeleg for ei som har brukt livet sitt på å stelle heimen for mannen sin. Ho har ingen formell kompetanse, men er svært god til å vaske klede og vindauge, blant anna. Tilfeldigheitene vil det slik at ho endar opp i ei lita bygd, der ho blir fotballtrenar og fritidsklubbleiar, samtidig som ho får mange nye vener.

Boka er mest humoristisk, men der ligg eit alvor under som viser det tragiske i somme kvinners liv, når dei lever liva sine som støttespelarar for andre, utan å skape eigne liv. Slik sett er dette ein feministisk roman, sjølv om den verken verkar bitter eller politisk. Britt-Marie er først og fremst eit menneske som har teke vala sine med omsyn til alle andre enn seg sjølv.

Eg likte denne boka svært godt!

1 kommentar:

  1. Eg har lese boka for lenge sidan-så du kan sjekke bloggen min om du vil.

    SvarSlett