Lydia reiser heimanfrå for å arbeide som veterinær. Gjennom jobben møter ho fleire menneske som
får tyding for livet hennar vidare.
Dette er ei poetisk bok som krev ein del av lesaren. Forma er ein slags prosalyrikk som skal forestille noko Lydia skriv om seg sjølv, trur eg. Boka inneheld mange litterære referansar, spesielt til svensk litteratur, som eg ikkje kjenner noko til. Mykje av innhaldet går dermed tapt for dei fleste lesarar, vil eg tru, men forfattaren har likevel motteke fleire prisar og nominasjonar for boka, mellom anna Bragepris.
Eg har lese denne boka, men eg trur den kan lesast om att.
SvarSlett