onsdag 27. april 2016

Krigsminnesmerke på Åram

Fri-onsdagen skulle eigentleg brukast berre til pensumlesing, men vêret var elendig for denslags, så det vart ein spontantur til Åram i staden. Der såg vi på eit fortanlegg frå andre verdskrig. Dessverre var området veldig attgrodd, og nokon hadde rota det til med vedhogst. Dessverre hadde vedkomande ikkje saga ned trea som veks opp og øydelegg utsikta over fjorden, så vi måtte ein tur ned i fjøresteinane for å sjå meir. Det vart ein nydeleg dag, og tid til lesing både før og etter turen. Hjernen er smekkfull, så det er godt å få oppleve noko anna innimellom.








Sett på heimveg. Nokon hadde måla gamle gardsreiskapar og stilt dei ut.


To hus på oppsida av vegen der utstillinga var

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar