søndag 25. september 2016

Arbeidshelg

Det hender at eg ønsker meg ein jobb der eg kunne ha tatt fri i fritida.

Denne veka fekk eg inn to prøvebunkar, og dermed gjekk jobben over frå å ha mykje å gjere til å ha uhorvelege mengder med arbeid. min måte å løyse slike flokar på, er å sette meg føre. Torsdag kveld retta eg i fire timar etter ein vanleg arbeidsdag på 7 timar. Fredag retta eg mykje på jobb, men tok resten av den første bunken då eg kom heim frå fotballkampen om kvelden. Laurdag gjekk vi tur, som førre blogginnlegg viser, og så sette eg meg til med bunke nummer to til klokka var over 20.00 om kvelden. Søndag morgon tilbragte eg saman med Veslejenta - vi såg ein film ilag. Det var faktisk jobb det òg, sidan eg skal jobbe med den filmen saman med ei klasse. Eg har sett den før og laga nokre arbeidsoppgåver og funne youtubeklipp med bakgrunnsstoff, men det var no greitt å ha den friskt i minne i morgon tidleg. Ikkje minst fordi vi skal tolke opningsscenen, noko som krev at ein har tenkt nøye gjennom den på førehand.

Det er litt sårt å sjå bilete på facebook av flotte turar som folk går på saman med familien sin, men her i huset er det verken tid eller stemning for denslags. Viss eg får ferdig bunke nummer to i løpet av dagen/kvelden, skal eg ta att noko meir husarbeid som står på vent. I komande veke skal eg på tre politiske møte på ettermiddags/kveldstid OG ha vinklubb på fredagskvelden, så det blir ikkje akkurat ei roleg veke heller.

Ein slepp å kjede seg!

2 kommentarer:

  1. Eg er litt redd for at du har teke deg vatn over hovudet. Den politikken kjem kanskje til å ta meir tid enn du var klar over?

    SvarSlett
    Svar
    1. Ein viss fare for det, ja. I alle fall i tillegg til studia...

      Slett