mandag 25. september 2017

Oslohelg med kids, kattar og klovnar

Fredag tok eg med meg dei to yngste avleggarane på flyet rett etter jobb. Reisemålet var Oslo, og vi tilbragte helga der saman med Eldstejenta. Ho bur på Grünerløkka, medan vi låg på Thon Spectrum Hotel. Det var eit fint hptell med nydeleg frukost - men med elendig ekstraseng. Minstemann hadde panta enkelseng dersom der var ei dobbeltseng og ei enkel, sidan systera hadde hatt den luksusen i Dublin i sommar, men han tapte altså denne gongen òg. Det gjekk bra når han sov, men var verre når han var vaken og skulle sitje i senga.

Målet med turen var først og fremst å sjå musikalen Cats på Oslo Spektrum laurdag ettermiddag, men vi fekk òg tid til shopping, restaurantbesøk, kino og marknad på Grünerløkka. Dei fleste av oss hadde ei fantastisk helg, trur eg, sjølv om Minstemann er ein fåmælt fyr. Etter musikalen kom han med eitt av sine gullkorn (framført med svært overberande tone): "Mamma, du grine ta en musikal om husdyr"...



Jensens Biffhus



På hotellet

Badet var enormt (universell utforming)

Minstemann på Gitarhuset



Laurdagslunsj, inspirert av Nora

Cats var fantastisk!

Nydeleg sushi i restauranten som ligg i huset der Eldstejenta bur. 



Byvandring laurdag kveld

Klare for "IT" på Saga kino 22.40

Bruktmarknad på Grünerløkka søndag føremiddag

2 kommentarer:

  1. Jammen har de fått gjort mykje på kort tid!

    SvarSlett
    Svar
    1. I kjend stil :D Kunsten er å dele seg når det skal shoppast. Jentene gjekk på klesbutikkar o.l. medan "vi gutta" gjekk på Gitarhuset og Platekompaniet...

      Slett