lørdag 11. august 2018

Bok 58 2018: "Forsvinningen" av Frode Granhus

Denne boka kom ut etter at forfattaren var død, og det er trist både for familien og lesarane at han ikkje er meir. Bøkene hans frå Lofoten er god krim, og denne siste er både spennande og godt skriven.

Ei gamal forsvinningssak vert aktualisert når fleire eldre menneske vert fanga og plaga nesten til døde. Kvar vart det av Ruth, og kan ein finne forklaring i dei gamle filmane frå den 17. mai-dagen då ho forsvann? Både gamlelensmannen Berger og den nye, Rino, er involverte i oppklaringa.

1 kommentar:

  1. Eg visste ikkje at forfattaren var død, trudde han var ung. Bøkene hans er veldig spennande og kjekke å høyre som lydbøker.

    SvarSlett