søndag 29. november 2020

Veke 48

Veka er ikkje slutt enno, men laurdag kveld sit eg og tenkjer at veke 48 har vore i overkant hektisk. Berre måndagen verka som fleire dagar, men slik er det gjerne. 

Måndagen fekk ein idiotisk start då eg vart liggande vaken og høyre ferdig ei lydbok natta før. Tre timar søvn var alt eg fekk, før eg måtte stå opp halv seks. Vanlegvis går det greitt med ei søvnlaus natt berre eg får slye meg litt på sofaen etter jobb, men denne dagen var eg berre heimom ein knapp time før eg måtte til sentrum att. Der var det først gruppe/medlemsmøte 18-20.00, og deretter møte med nokre av dei andre partia 20-22.00. Eg kom heim litt etter 22.30, og då vart eg sjølvsagt sittande oppe og snakke litt med Veslejenta. Ho hadde servert meg middag medan eg var heimom om ettermiddagen, men det var kjekt å få prate meir med henne. Eg saknar å ha henne buande heime.

Tysdag vart det ein nokolunde ok dag på jobb, og så vart det berre ti minutt innom heimen for så å plukke med meg ungdomane og køyre til Eid. Der gjekk vi på kinarestaurant og feira 17-årsdagen til Minstemann. Det vart ei hyggeleg stund, og så kjøpte vi med oss litt godsaker på butikken i staden for å ete dessert. Vi såg ein (dårleg) film og prata om kvelden.


Onsdag var eg på møte i TOK. Vanlegvis er eg tidleg ferdig på jobb på onsdagane, men denne onsdagen var eg ikkje heime før i 17-tida. Heldigvis hadde eg ikkje noko på programmet om kvelden, så då hadde eg lova Veslejenta å hjelpe henne med heimeeksamenen som skulle leverast torsdag. Det einaste eg forlangte var å få sove litt på sofaen, så då sette vi på ein dum serie vi kunne kose oss med. Kunsten er å finne noko som er så lite interessant at ein sovnar (note to self: styr unna radioteateret). Etter at eg hadde hjelpt henne med rettskriving o.l. kunne ho levere, og så såg vi meir serie og slappa av.

Vekas verste dag var torsdag. Studenten hadde sin siste dag onsdag, så no skulle eg ta over undervisninga sjølv, med fire timar engelsk. Det vart fire keisame timar fordi internettet svikta, og eg jobba i lunsjen for å kome meir ajour før kommunestyremøtet. I midttimen var eg på møte, og så fekk eg laga klart til fredagen før eg suste av garde på kommunestyremøte. Det varte til nærare 20.00, og eg var temmeleg gåen etterpå. Vi hadde oppe fleire vanskelege saker, og vi måtte i tillegg bruke munnbind. Eg har ikkje brukt det før, og i lengda var det ubehageleg. 


Fredag hadde eg fagdag i engelsk, og då hadde vi eit opplegg om "The Roaring 20s" som studenten hadde gjennomført i den andre klassa. Det vart ein kjekk og lærerik dag, trur eg, men eg hadde dundrande hovudverk. Etter jobb for eg heim og henta Veslejenta, tok ein paracet og køyrde til Ørsta. Veslejenta hadde ikkje besøkt bestemora enno, så det var veldig kjekt å få høve til det. Bestemora stilte med julemiddag, og eldstenevøen min kom òg innom. Det vart nesten eit lite førjulsselskap av det, og det var veldig hyggeleg. På vegen heim henta vi med oss Minstemann og handla litt.

I dag, laurdag, ville minstemann øve til tentamen på grendahuset. Han skulle gjere diverse opptak av song og instrument, og då ville han helst vere aleine. Veslejenta og eg køyrde til Eid for å shoppe julegåver, og ho var rett hjelpsam. I neste veke får eg ta meg ein runde utan henne, såpass eg får handla til henne òg. Vi kjøpte òg litt julepynt, og då vi kom heim, begynte vi å stryke gardiner og sette fram diverse julepynt og julelys. I går hadde vi kjøpt meir lys til å ha ute, blant anna ein krans til å ha på døra. Etter kvart laga vi oss mat, og så slya vi oss framfor tv-en med programmet "Maskorama" m.m. Eg hadde eigentleg ikkje tenkt å sjå det, men det var no litt kjekt. 

No er det nesten leggetid, og i morgon håpar eg vi får rydda litt og laga til resten av julepynten. Det er mykje styr med jula, men det er no mest kjekt. Eg plar ikkje bake eller lage noko anna til jul, men eg har ein jobb der arbeidsmengda toppar seg i desse tider, og i tillegg tek budsjettprosessen mykje tid. I veka som kjem blir det langt rolegare, trur eg, men på fredag får eg inn heile tre tentamensbunkar. Måndagen etter kjem den fjerde. Ein kan godt snakke om fire bunkar i advent, og det er vanskeleg å kose seg skikkeleg før dei er ekspederte.








Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar