onsdag 13. oktober 2021

Oslotur

Sidan eg hadde fri fredag, sette eg meg på nattbussen allereie torsdag kveld, så vi fekk ein lang og kjekk fredag i storbyen. Eldstejenta og venninna har delt bustad i fleire år, men flytta nyleg inn i ei fin og nyoppussa leilegheit i Biermannsgate på Grünerløkka, og der var det plass for Gamla å overnatte. 





Fredag vart Nobels fredsprisvinnar kunngjort, så vi tenkte det var passande å gå til Aker brygge og stikke innom Nobelsenteret. Det var sant å seie ikkje så mykje å sjå der, men det var ein hyggeleg ting å gjere for å markere dagen. Deretter åt vi ein liten lunsj, før vi tok trikken "heim" til heimebaka eplekake og is. Det pøsregna, men letta heldigvis ut på kvelden. då hadde vi billettar til framsyninga "Stardust" med Hilde Louise Asbjørnsen. Det var ei flott  framsyning med interessant innhald og fin musikk. Kvelden vart avslutta med middag på indisk restaurant, og då vi kom heim, var vi så trøytte at vi tok tidleg kveld.










Laurdag tok vi trikk til Kjelsås, og så gjekk vi tur nedover langs Akerselva. Eg hadde blitt anbefalt Hønse-Lovisas hus, der caféen "Anne på Landet" ligg. Der kunne vi sitje ute og nyte nydeleg haustvêr like ved elva, og så kjøpte vi oss vaflar og kaffi. Caféen låg berre nokre få minutt frå leilegheita deira, så jentene kjem nok til å fare attende til denne koselege staden. Denne kvelden vart det sushi og kino, og det var både kjekt og trist, sidan filmen var "Ingenting å le av".













Søndag rusla vi ein tur til Arbeidermuséet, som låg like ved, på Sagene. Deretter gjekk vi ein lang tur for å leite opp statuen av Bokken Lasson ei av kvinnene Hilde Louise Asbjørnsen hadde nemnt i framsyninga på fredagen. På veg dit gjekk vi også gjennom Vår Frelsers gravlund, der vi leita opp nokre kjendisar. Eg er som kjent glad i gravplassar, så eg syntest det var hyggeleg. Vi passerte dessutan Kunstnernes hus, så då stakk vi innom Høstutstillingen. Til middag møtte vi ei anna venninne av Eldstejenta som eg møtte i Trondheim for tre år sidan, og denne dagen fann vi ein mathall der vi kunne velje mellom mange ulike rettar. Eg landa på indisk denne dagen òg. Desserten tok vi på caféen "My Ugly Baby", der dei har fantastiske donuts. 



Søndag kveld sette eg meg på bussen heim, etter ei innhaldsrik og triveleg helg. Det var fire år sidan sist eg var i Oslo, trur eg, så det var på høg tid. 







Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar