fredag 14. juli 2017

Kongevegen over Filefjell: frå Kyrkjestølen til Maristova

Onsdag var den store fjelldagen. Vi køyrde til Kyrkjestølen på Filefjell, like ved Tomaskyrkja (frå 1971) og parkerte bilen der. Planen var å gå over til Maristova, om lag 10 km, og ordne skyss derifrå. Vegen over fjellet er berre heilt utruleg. På 1200 meters høgde ligg rette strekningar med veg som har vore brukt til transport. Vi las informative plater undervegs der det stod om soldatar som var utstasjonerte for å bygge veg og om bønder som hadde skyssplikt i byte mot redusert skatt. Terrenget er svært ulikt fjellterreng på Sunnmøre, og utsikta er derfor mindre spektakulær på eit vis. Opplevinga av å gå på ein veg så høgt oppe var aldeles fantastisk, og det vart ein fin trimtur med opplevingar både når det gjeld natur og kultur.

Då vi kom til Maristova, var den øyde og nedlagd, og der fanst ingen spor av skyss. Heldigvis hadde vi møtt ein del folk undervegs på turen, og nokre damer vi hadde snakka med hadde sagt at dei vart henta på Maristova. Sidan dei gjekk bak oss, rakk vi å få sendt med Bladfyken opp til Kyrkjestølen, medan Charlie og eg venta ved Maristova.


Tomaskyrkja (1971)

Første motbakke, gjennom ein nydeleg bjørkeskog

Utsikt attende mot Kyrkjestølen


Fylkesgrensa Oppland - Sogn og Fjordane

Høgste punkt: 1250 moh





Charlie storkosa seg!

Bøyabreen, Lærdalsøyri, Vindhellavegen og Sverrestigen

Tysdag sette vi kursen mot eit turmål eg har tenkt på i eit par år: Kongevegen over Filefjell. Eg har lese mykje om restaureringsprosjektet, og har blitt svært interessert både i den historiske turen og prosjektet med å reparere øydelagde strekningar. Vi hadde leigd hytte i Borgund i to netter, så planen var å gå to - tre turar i løpet av tre dagar.

På turen stoppa vi ved Bøyabreen i Fjærland. Den ligg like ved hovudvegen, men eg har aldri køyrt bort til den før. Når ein reiser med hund og har god tid, er det greitt med slike små avstikkarar.
Bøyabreen ved Bøyum i Fjærland
Eg har tidlegare blogga om Gamle Lærdalsøyri, som er eit vakkert område i Lærdal. Vi gjekk oss ein runde i gatene og såg på dei gamle husa, kjende på stemninga og strekte på beina.

Gamle Lærdalsøyri

Nokre er meir opptekne av gamle bilar enn andre 

Testing av macrofunksjon på mobilkameraet
Mange har nok sett campingplassen med dei pastellfarga hyttene like ved hovudvegen i Borgund. Vi leigde ei hytte med bad. Det var svært enkel standard, men reint og greitt. Dessverre hadde vi ikkje internett-tilgang, så vi måtte underhalde oss med lesestoff og Nrk. Det ligg eit gatekjøken på campingen, så vi gadd ikkje lage middag sjølve.

Hytta vi leigde på Borgund, like ved hovudvegen

 Vi rakk ein ettermiddags/kveldstur tysdag kveld, og sidan vêret ikkje var optimalt, valde vi eit område vi hadde vore i før. Eg gjekk Vindhellavegen for to år sidan, saman med Eldstejenta, men hadde berre gått den berømte strekninga. Denne gongen gjekk vi heilt til stavkyrkja, og deretter Sverrestigen attende. Segna fortel at kong Sverre reiste gjennom dalen i 1177, og at bøndene i området heldt vakt ved Vindhella for å lempe stein ned på kongen når han passerte. Han valde dermed ei alternativ rute.
Ved Vindhellavegen

Vindhellavegen

Vindhellavegen

Ein figur ved Sverrestigen

Festleg figur (men Charlie var rasande på den)


mandag 10. juli 2017

Bok 45 2017: "Moral Disorder" av Margaret Atwood

Atwood er ein forfattar eg berre så vidt har vore borti før, og no er ho aktuell på grunn av ein serie som er basert på "A Handmaid's Tale". Eg plukka derfor med meg denne boka, og begynte å lese som om det var ein roman. Det er det ikkje, men derimot noveller som heng saman, men ikkje kronologisk. Litt forvirrande var det, men nokre av tekstane er veldig fine. Ho skriv om oppvekst, alderdom og forhold, og aller best likte eg tekstane som omhandla alderdom. Eg las boka på engelsk, og språket var mange gonger ei nyting i seg sjølv, slik at eg måtte lese om att avsnitt eller setningar for verkeleg å dvele ved det språklege.

Eldstejenta heime på ferie!

I dag gjekk eg til det drastiske skrittet å kjøpe meg smarttelefon. Ikkje fordi eg absolutt ville ha det, men fordi eg sakna å ha kamera meir tilgjengeleg enn speilreflekskameraet når eg er på tur.

Etter innkjøpet henta vi Eldstejenta på flyplassen, og så tok vi turen til besteforeldra i Ørsta. Mormora hadde laga prinsessekake, noko som alltid fell i smak. Etter kvart dukka også Storegut opp, så då var heile familien samla ei stund før vi reiste heim. Eg fekk tatt bilete av ungefokken saman med morfaren med den nye mobilen min, og det ser ut til å fungere greitt. Øving gjer meister, så no blir det vel eit styr med knipsing i villelse i dagane framover....

Den gamle og så den nye tid....

søndag 9. juli 2017

Folkestadsetra

I dag regna det ganske tett, men vi kom oss av garde på tur opp til Folkestadsetra, der vi mellom anna gjekk opp i det nye hyttefeltet. Etterpå gjekk vi rundt vatnet og inn til der stien går opp til Sandåna. Vêret letta etter kvart, heldigvis.
Den øvste hytta i nyefeltet


Til venstre i bakgrunnen ligg fjellet Kyrshaudet


lørdag 8. juli 2017

Besøk og bed

I dag hadde eg nokre ærend i tettbygde strok, og planen var å besøke foreldra mine ei lita stund på veg til tur. På Plantasjen skulle eg eigentleg kjøpe hundemat og-posar, men vart freista til å kjøpe med nokre staudar og ein ny plantespade. I Ørsta fekk eg servert rømmegraut og spekemat, og etter kvart kom også Storegut på besøk til besteforeldra sine. Det vart ei triveleg stund, og besøket varte ein heil del lenger enn rekna med. Etter eg kom heim tok eg meg ei økt i eine bedet i staden for å gå tur. Eg likar hagearbeid ganske godt, og det var så deilig at det ikkje regna i dag, slik eg trudde det kom til å gjere. Med det same eg sette på hageslangen, kom knotten.

Charlie er svært ivrig når det gjeld hagearbeid, spesielt når eg hiv rundt på ugras og stein frå bedet. Han har òg fått det med å "markere" på alle nye plantar. Når kameraet kjem fram, poserer han sjølvsagt.

Stauder frå venstre: Flekktvetann, Alunrot og daglilje Frans Hals. Dei to første kjøpte eg pga artig bladverk.

fredag 7. juli 2017

Kyrshovudet (573 moh)

Sidan eg ikkje fann hytteruinane då eg var på Kyrshaudet for nokre veker sidan, ville eg gjerne gjere eit nytt forsøk. Dette kan de sjå i førre innlegg. I tillegg fekk vi mosjon og fin utsikt i alle retningar, og vi nådde akkurat ned att før regnet braka laust.




Hytta på Kyrshaudet

Hytta låg på den sida av fjellet Kyrshovudet som vender mot Folkestadsetra. Det var ein mann som heitte Knut Nesje som bygde hytta, og han er òg mannen bak huset "Blåsenburg" på Rotset i Volda. Hytta må ha vore ganske flott, men no er det berre ruinar att, dessverre.






Med hyttefeltet på setra i bakgrunnen ("den gamle og so den nye tid")

Restar av ei flaggstong


Bok 44 2017: "Høstoffer" av Sharon Bolton

Dette er ein heilt frittståande kriminalroman av forfattaren som eg hittil har lese seriebøker av. Vi møter presten Harry og psykiataren Evi, i tillegg til ein familie som nyeleg har flytta til bygda i Yorkshire, der dramaet utspelar seg. Nokon ser på folk og kviskrar rare ting til dei, og i ei grav vert det oppdaga fleire lik enn der skulle vere. Kven drep småbarn på denne måten - og kvifor?

Boka er uhyggeleg spennande (eg las heile i løpet av ein dag, og den er på nesten 600 sider), og på eitt tidspunkt tenkte eg at den var meir føreseieleg enn eg har syntest dei andre Boltonbøkene har vore. Denne er heller ikkje det! Eg har ingen fleire bøker av forfattaren liggande på vent no, men eg kjem til å lese fleire når eg finn dei. Dette er den beste krimforfattaren eg har lese på svært lenge - ikkje minst fordi ho greier å skape truverdige karakterar som ein festar seg ved og greier å halde frå kvarandre.

torsdag 6. juli 2017

Bok 43 2017: "Bouvetøya 2052" av Lars Mæhle

Denne ungdomsboka er ein framtidsroman om eit realityprogram i "Hunger Games"-stil, men med sterkt fokus på miljøvern og fornybar energi. Hovudpersonen vert ufrivilleg med i programmet, og spenninga stig når alt hardnar til, inklusivt vêret, og ein ikkje lenger veit kva som er sanning og illusjon. Eg likte ikkje boka så godt i starten, men må legge til at eg ikkje er så glad i fantasy-sjangeren. Utover i boka vart eg meir fenga av handlinga, og det er sikkert ei god bok for ungdom som likar sjangeren betre enn det eg gjer.

onsdag 5. juli 2017

Romedalen


Tysdag hadde eg nokre ærend i tettbygde strok, og eg nytta høvet til å besøke foreldra mine. Etterpå vart det til at eg gjekk ein kveldstur i Romedalen. Vêret var ikkje optimalt, men det er tørt og fint å gå på setrevegar.

tirsdag 4. juli 2017

Bok 42 2017: "Miss Blackpool" av Nick Hornby

I denne boka møter vi ei ung jente som vinn ein missekonkurranse, men som deretter reiser til London for å få jobb som skodespelar. Ho lukkast i dette, og vi får følgje henne i produsjonen av ein tv-serie og i hennar private erfaringar. Boka er heilt grei sommarlektyre, men inga stor litterær oppleving.

mandag 3. juli 2017

Bok 41 2017: "De utvalgte" av Sharon Bolton

Denne boka er eldre enn Lacey Flint-bøkene eg har lese tidlegare i sommar, men den er like god. Handlinga er lagd til Shetland, og eg-personen er ein lege som vi møter i det ho har funne eit lik då ho skulle gravlegge hesten sin. Liket er av ei kvinne som har fått hjartet sitt fjerna og runeskrift innrissa på ryggen. Dramatikken startar altså allereie på første side, og den held seg oppe til siste slutt. Ein får innsyn i folketru og folkeliv på Shetland, og forfattaren har etter det ho skriv i etterordet lese mykje sekundærlitteratur før ho skreiv. Eg må berre igjen få anbefale Sharon Bolton for dei av dykk som likar krim.

lørdag 1. juli 2017

Herøyspelet "Kongens ring"

I dag tok eg med dei to yngste til Herøy kystmuseum, der vi såg framsyninga "Kongens ring". Eg har sett den to gonger før, men ungane hadde sett den berre ein gong, og for så mange år sidan at dei ikkje hugsa den så godt. Spelet er ein gedigen dugnadsinnsats i Herøy, og det blir litt endra etter kven som har rollene. Forteljinga er litt komplisert, men det handlar om ei kvinne som vert røva av herjarar og deretter kjem attende til heimbygda si. Her vert det rulla opp ein konflikt mellom ei hemnlysten mor, ein klok far, ein sjalu og hemngjerrig festarmann og herjarhovdingen, som ho er gravid med. Alt vert spelt som ein musikal, så dette kunne vi like godt.

"Anna med barnet"



Lukt av fjøre sjø...

Etter spelet fekk vi melding om at Systa hadde skrive på facebook at vi var velkomne dit, så vi tenkte vi kunne stikke innom ein snartur før vi reiste heim. På Hareid venta oss fullt familieselskap og trerettars middag, så vi fekk litt hakeslepp, men det var veldig triveleg, sjølvsagt.

Bok 40 2017: "Looking for Alaska" av John Green

John Green er ein av dei mest populære forfattarane blant elevane våre, og mange ungdomar les bøkene hans både på norsk og engelsk. Eg les gjerne amerikanske ungdomsbøker på engelsk, og Green er blant dei beste ungdomsforfattarane eg har lese. Likevel er sjangeren YA (young adult) i USA så godt utvikla at eg ikkje er sikker på om han sit aleine på toppen.

Som så ofte i sjangeren møter vi ein eg-person som lever litt på utsida av det etablerte. Foreldra skal halde avskilsfest for han når han ska reise vekk for å gå på privatskule, men berre eit par stk møter opp utan eigentleg å ville vere der. På den nye skulen får eg-personen nokre heilt spesielle vener av begge kjønn, og han forelskar seg i venninna Alaska, som har ein kjærast frå før.

Handlinga kan sjå litt enkel ut, men boka handlar eigentleg mykje om død. Eg-personen er til dømes svært oppteken av fenomenet "last words". Boka er veldig fin, og eg vil tru den høver godt for ungdom i alderen 14+, avhengig av interesser og modning. Den høver òg godt for vaksne.