I dag hadde eg nokre ærend i tettbygde strok, og planen var å besøke foreldra mine ei lita stund på veg til tur. På Plantasjen skulle eg eigentleg kjøpe hundemat og-posar, men vart freista til å kjøpe med nokre staudar og ein ny plantespade. I Ørsta fekk eg servert rømmegraut og spekemat, og etter kvart kom også Storegut på besøk til besteforeldra sine. Det vart ei triveleg stund, og besøket varte ein heil del lenger enn rekna med. Etter eg kom heim tok eg meg ei økt i eine bedet i staden for å gå tur. Eg likar hagearbeid ganske godt, og det var så deilig at det ikkje regna i dag, slik eg trudde det kom til å gjere. Med det same eg sette på hageslangen, kom knotten.
Charlie er svært ivrig når det gjeld hagearbeid, spesielt når eg hiv rundt på ugras og stein frå bedet. Han har òg fått det med å "markere" på alle nye plantar. Når kameraet kjem fram, poserer han sjølvsagt.
|
Stauder frå venstre: Flekktvetann, Alunrot og daglilje Frans Hals. Dei to første kjøpte eg pga artig bladverk. |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar