mandag 3. juli 2017

Bok 41 2017: "De utvalgte" av Sharon Bolton

Denne boka er eldre enn Lacey Flint-bøkene eg har lese tidlegare i sommar, men den er like god. Handlinga er lagd til Shetland, og eg-personen er ein lege som vi møter i det ho har funne eit lik då ho skulle gravlegge hesten sin. Liket er av ei kvinne som har fått hjartet sitt fjerna og runeskrift innrissa på ryggen. Dramatikken startar altså allereie på første side, og den held seg oppe til siste slutt. Ein får innsyn i folketru og folkeliv på Shetland, og forfattaren har etter det ho skriv i etterordet lese mykje sekundærlitteratur før ho skreiv. Eg må berre igjen få anbefale Sharon Bolton for dei av dykk som likar krim.

2 kommentarer:

  1. Skal tru om bøkene hennar har kome i lydformat. Eg har ingenting interessant å lese for tida.

    SvarSlett
    Svar
    1. Dei er ikkje ute på lydbok her i området, i alle fall. Eg skal halde utkik!

      Slett