mandag 21. april 2025
Genser nummer 76: "Efterår" til meg sjølv
Før påske strikka eg ferdig min tredje genser i flettemønsteret "Efterår" i Eco Highland Wool. Eg fall pladask for fargen "Lys jeansblå" (kode 222), for den er i ein gråblå nyanse som er litt mørkare enn yndlingsfargen min. Både denne gongen og førre gong eg strikka etter dette mønsteret har eg måtta rekke opp om lag 15 cm undervegs fordi eg har gløymt eit flettemønster, for mønsterstrikk krev konsentrasjon og nøyaktigheit. Eg fører nøye teljing på eit papir når eg strikkar, slik at eg kan telje kvar eg er i rapportane (der er tre ulike, men dei to på sidene er den same men speglvend). Eg likar godt garnet, og i påska fall eg for freistinga og bestilte meir. Det første eg skal strikke er ein herregenser som ikkje er same mønster, for den ville Minstemann ha. Først skal eg fullføre eit par andre påbegynte prosjekt - eller i alle fall eitt av dei.
Teppe til Albert
Etter å ha sett litt på bloggen ser det ut til at eg ikkje har lagt ut bilete av eit babyteppe eg gav sonen til niesa mi i haust, og eg finn ikkje bilete av det på telefonen heller. Eg har uansett strikka eit tredje teppe - denne gongen til hunden Albert. Han har lite underull og tynn pels, så han er ofte frostig og vil gjerne ligge på fanget mitt når eg strikkar. Eg har derfor brukt noko restegarn til å strikke eit teppe til han, og det skal lukte "bestemor" så han slepp å sakne meg når han er andre stader.
Påska 2025
I år var det sein påske, og vi har hatt nydeleg vårvêr det aller meste av påskeferien. Allereie fredag kveld før påske kom dei første gjestane, nemleg Eldstejenta, Storegut og sambuaren hans. Dei to yngste ungane var komne før eg kom frå jobb, og vi hadde ein roleg ettermiddag/kveld medan vi venta på innrykk. Neste dag var det jubileumsmarkering for det lokale korpset, der dei tre eldste har spelt tidlegare. Korpset er no relativt lite aktivt, med ad hoc-framføringar til 17. mai og julegrantenning, så dei to yngste har spelt i eit anna lokalt korps i fleire år. Minstemann har no slutta, men det er ikkje lenge sidan han steppa inn for ein sjuk trommeslagar. Jubileumsmarkeringa var veldig vellukka, med fullt grendahus og flott musikk. Også kjærasten til Veslejenta kom for å feire, så vi var mange samla og vart dermed også foreviga av ei nabodame/vinklubbvenninne. Eg er heldig som får omgi meg med så mange kjekke, unge menneske både på jobb og privat.
Laurdag kveld køyrde vi til Eid etter jubileet var overstått, og deråt vi pizza på kafeen Cats. Søndag, derimot, laga vi pinnekjøtmiddag, så då vart det meir stil over sakene. Måndag køyrde Storegut og Sambuaren til Eid for å handle, for vi supplerte pinnekjøtrestane med salat og knekte poteter med ost og kryddersmør. Eg har sett oppskrift på slike poteter før, men aldri laga det. Det viste seg å vere ein lett og god måte å bruke potetrestar på.
Tysdagen hadde Storegut bursdag og vart heile 28 år. Han ville lage bursdagsmiddag sjølv, og det vart ein aldeles nydeleg lasagne - mykje meir forseggjord enn den eg plar lage. Sambuaren laga gulrotkake, og Eldstejenta og eg laga smashkake etter ei oppskrift vi ikkje hadde prøvd før. Det var eigentleg ei enkel kake å lage, med marengs med Ritzkjeks, sjokoladekrem, vaniljekrem, krem og smash. Eg sa vi kunne eksperimentere med ei ny oppskrift sidan vi hadde ei anna kake i bakhand.
Påskedagane gjekk mykje med til matlaging og rydding av kjøken, men det vart òg tid til prat, quiz og litt tv-serie og film. Onsdagen vart det restemiddag og kaker til frukost/lunsj, og så reiste ungane til faren. Dermed fekk eg eit par rolege dagar før vi alle reiste til Hareid i familieselskap. Systera mi hadde invitert heile hurven til dei i og med at både juristsonen var der, i tillegg til Niesa med sin vesle familie. Vi trefte dei på ferja onsdag, så vi hadde allereie sett det nye vedunderet i familien. Mamma er no oldemor til to skjønne gutar, og det var sjølvsagt dei som fekk mest merksemd i selskapet.
Laurdag kveld skulle Storegut og Sambuaren på quizkveld på Bjørkedalen, så då kom dei hit og overnatta, før dei reiste heim til Trondheim på søndag. Det vart stille i huset då, og eg tok med meg hundane og gjekk ein lang tur i Fladalen (frå Tua og innover). Det fanst ikkje eit snøfnugg i skiløypa, som er grusveg i sommarhalvåret. Eg likar det best slik, og det var ein nydeleg ettermiddag/kveld.
På denne turen møtte eg eit eldre ektepar som eg kom i snakk med. Mannen fortalde at han hadde vore med på å setje stikker og bygge vegen på midten av 1960-talet. Dei skulle gå tur til Asbjørnstova, og mannen fortalde at denne varmehytta har namn etter den første satanisten på Hjelle skule. Asbjørn var ein medelev av mannen, og dei hadde kristendomsundervisning. Asbjørn vart spurd om han kunne seie det fjerde bodet. Svaret laud: "Du skal ære djevelen og alle hans gjerningar".
I dag er det andre påskedag, og kvardagen sig innover meg. Eg bakar brød, festar trådar, vaskar klede - og det vert vel noko husvask etter kvart òg. Litt skulearbeid har eg òg fått unna, men eg har heldigvis ikkje hatt rettebunkar i påska. Komande fredag brakar det laust med dei første heildagsprøvene, og så går det slag i slag fram til sommarferien. Eg set pris på lyse kveldar som gjer dagane lengre og energien betre.
tirsdag 15. april 2025
Genser nummer 75: "Luna" til Eldstejenta
Eg skulle eigentleg strikke ein "oversized" genser til Eldstejenta og sende den i posten til bursdagen hennar, men så vart genseren berre vanleg passeleg, så eg let den ligge til ho kom heim til påske. Tråden er "Alpaca bris", og den lysaste rosafargen er den same eg har strikka til henne i før. Ho vart svært glad for genseren, men eg har bestilt ein Skappel-genser som eg skal prøve å få større.
lørdag 29. mars 2025
Mamma 85 år!
Då mamma vart 80, fekk vi ikkje vere saman i det heile, då landet nett hadde blitt stengt ned og covid-restriksjonane styrte liva våre. I år vart mamma 85, og dei av oss som bur i nærleiken møttest i Starevegen til ei enkel og uformell feiring. Det var berre to barnebarn til stades (av 11), så det vart ikkje barnebord i dette selskapet. Systera mi hadde laga nydelege smørbrød, mamma hadde baka og eg hadde med ei marsipankake, så det var nok mat og mykje å prate om. Jubilanten fekk gåver og blomar, og det vart ei hyggeleg feiring for alle.
lørdag 22. mars 2025
Lisjedalen 22. mars
I dag kom våren attende, med tosifra temperatur og sol frå blå himmel. Eg bestemte meg for å gjere trimmen kortreist, og gjekk heimanfrå til Lisjedalen og innover skogsvegen langs vatnet. Det vart noko oppoverbakke, og det er som kjent då det går oppover - også med forma. Eg møtte fleire kjende på turen, blant andre ein tidlegare kollega eg ikkje hadde sett på 25 år, trur eg. Note to self: sjølv om du berre skal gå ein tur i nærmiljøet, kan det vere greitt å sjå ok ut, i tilfelle ein treff på folk ein sjeldan møter.
fredag 21. mars 2025
14. mars: tur til Bremanger
Eg har ikkje så mange fri-fredagar, men denne gongen klaffa det med at Bladfyken også hadde fri, og vêret var fint. Sidan Veslejenta skriv master, enda det med at Bladfyken og eg for på tur saman med små-hundane, medan Charlie og Veslejenta vart att heime. Vi køyrde til Måløy og tok ferja til Oldeide, og derifrå køyrde vi til Grotlesanden. Der var utruleg fint, og eg kan godt tenkje meg å reise attende dit. Ved den gamle kyrkjegarden på Grotle kom vi i snakk med ein lokal bonde, og han kunne fortelje oss mykje om turmoglegheiter i nærleiken, om krigen og om orkanen Dagmar. Det vart ei bonuoppleving. Etter kvart køyrde vi til Kalvåg, der eg ikkje hadde vore før. Ingen kaféar var opne, dessverre, så også dit vil eg gjerne attende i sesongen. Det er mykje dårlege vegar på Bremangerlandet, så vi enda med å ta ferja til Måløy på heimvegen òg, sjølv om vi eigentleg skulle køyre til Isane. Frå Måløy er det autostrada inn til Eid, og då er det kjekkare å slappe av og prate. På Eid stoppa vi og handla med oss pizza heim til studenten.
Oppkøyrsla før og no
Vinterferien 2025
I veke 8 hadde vi fri, og Eldstejenta hadde ferie samtidig. Ho kom midt i veke 7, slik at nokre av oss fekk gått på musikalen til musikklinja på skulen der eg jobbar. Det var som vanleg veldig kjekt og imponerande. Elles gjekk dagane med til turgåing og matlaging, litt besøk og mange gode samtalar. Det vart ikkje tatt så mange bilete, men det var nydeleg vêr nesten heile ferien, og då regnet kom kunne eg rette unna det arbeidet eg hadde tatt med heim i ferien.
Genser nummer 74: "Blanca-genser" i Alpaca Dream
Genser nummer 73: "Etterår" til Veslejenta
Etter å ha strikka ein genser til meg sjølv i dette mønsteret, strikka eg ein til Veslejenta òg, i same garn (Eco Highland Wool) men i ein flaskegrøn farge som ho kler veldig godt. Eg gjorde nokre justeringar på ermane, som var litt korte og trange på min eigen. På St Patrick's Day lånte eg den attende for å ha på meg noko grønt.
mandag 20. januar 2025
Vår i januar
Laurdag 18. januar var ein nydeleg, mild dag (om lag 10 grader). Vi bestemte oss for å gå ein lengre tur, og derfor enda vi opp med å køyre opp til skisenteret i Volda (Reset) og parkere bilen. Dette er det eine endepunktet for vegen over fonnvernet, den såkalla "Panoramavegen". Det var nesten flatt å gå veldig lenge, men plutseleg kom vi til nokre bratte nedoverbakkar. Då fekk vi den same idéen samstundes, at vi hadde ein bil til nede i Volda sentrum. Vi gjekk dermed heile Panoramavegen, som verkeleg har ei nydeleg utsikt over Volda og fjella rundt, og så gjekk vi gjennom byggefelta ned til sentrum. Det går mange stikkvegar frå Panoramavegen til ulike bustadområde, og det var mange som gjekk der denne dagen. Det var fin sol innimellom, men ein del skyer òg.
Etter turen skulle vi handle litt, og vi var svært stolte av å ha vore så spreke (vi gjekk i nesten tre timar). Vi var dessutan svoltne, og brått hadde vi hamna på Burger King, der dei serverte påfyll av kaloriar.
Bok 2 2025: "Fars rygg" av Niels Fredrik Dahl
Dette er den beste boka eg har lese på lenge! Ein møter ein familie med ein dominerande far og ei noko stakkarsleg mor, og hovudpersonen er sonen som veks opp på ulike stader, møter ulike menneske men ikkje er heilt heime nokon stad. Mora leikar skule med han i Egypt, deretter blir han send for å bu hos framande i Oslo og til ein internatskule i Sveits. Heile tida anar ein at han ønskjer å bli akseptert av faren sin. Forteljaren er sonen til guten i familien, og han fortel ei sterk historie om einsemd.
Denne romanen vart tildelt Nordisk råds litteraturpris i 2023, og det forstår eg godt.
Bok 1 2025: "Faen ta deg" av Niels Frank
Ei kvinne går frå mannen sin etter mange års psykisk vald, og mannen skyt henne. Dette er kortversjonen av innhaldet i denne boka, som faktisk vart nominert til Nordisk råds litteraturpris i 2023. Eg syntest ikkje den var imponerande godt skrive, men temaet er sjølvsagt høgaktuelt. Forfattaren skriv at han noterer ein del undervegs, og boka ber noko preg av å vere skrive litt etter innfallsmetoden. Han legg heller ikkje skjul på kva han synest om ex-svogeren. Boka fortel om tida før drapet, men mest om oppgjeret og rettssaka etterpå. Ein får dessutan innsyn i korleis angsten bit seg fast i dei pårørande. Alt i alt var dette interessant lesestoff.
søndag 12. januar 2025
Søndagstur på Bjørkedalen etter første veke på jobb i 2025
Første jobbveke etter jul var passeleg travel når det gjaldt jobb, og det var ingen politiske møte eller andre aktivitetar i fristida, bortsett frå at vi jobba inn ein planleggingsdag ved å jobbe til 18.30 på måndagen. Pangstart, med andre ord. Det store stresset vart at bilen fuska veldig med å starte, og torsdag og fredag måtte Veslejenta køyre meg til ferjekaia om morgonen og hente meg der om ettermiddagen. På hi sida vart det delvis skyss, og delvis gjekk eg til og frå kaia. Fredag etter jobb køyrde vi til Eid for å kjøpe startkablar og diverse, og laurdag morgon starta bilen min straks, så vi tok den med på tur til Eid for å handle mat, hundemat o.l. Også i dag, søndag, starta bilen, og no håpar eg at den startar i morgon, slik at eg får tatt den med til verkstaden i Volda. Anten er det noko gale, eller så treng eg ein motorvarmar.
Laurdag kveld hadde ei nabovenninne kalla inn ein gjeng til lystig lag med mat og drikke, og det var veldig hyggeleg! Det blir mykje jobb og familieliv på oss alle, og ein møtest altfor sjeldan til sosiale samkome. Vinklubben er eit unntak, men det er no kjekt at karane òg kan vere med av og til.
Veslejenta og eg gjekk ein lang tur på Bjørkedalen i dag, og det var nydeleg med 0 grader og vintervêr. Meldingane handlar om mildvêr, storm og regn, så det var berre å nyte medan vi kunne.
Vel heime laga eg brennsnut der eg putta oppi ein kveil julemôr og pinnekjøtrestar. Veslejenta rydda ut resten av julepynten medan eg laga mat, så no er vi attende til kvardagen interiørmessig òg.
Genser nummer 72: Fanagenser til meg sjølv
I ungdomen hadde eg ein kvit og grå fanagenser som eg brukte mykje. Eg vart faktisk avbilda i lokalavisa iført same genseren med to års mellomrom, så det seier vel sitt. No har eg strikka meg ein kvit og grå fanagenser - mjukare enn den gamle, men ikkje fullt så fin. Rundfelling er kjekt å strikke, men isette erme er penare, i alle fall på Fanagenser.
![]() |
| 1983, i samband med ungdomsspalte i avisa |
søndag 5. januar 2025
Godt nytt år!
Det viktigaste ønsket mitt for det nye året er sjølvsagt at det må bli fred på jorda. Det seier seg sjølv. Elles håpar eg sjølvsagt at folk slepp å vere sjuke og triste, sjølv om eg innser at det ofte er ein del av livet.
For min eigen del håpar eg på eit meir aktivt år reint fysisk, for det har blitt mykje stillesitjing både på jobb, i politikken og hobbymessig. Påfunnet mitt om å lage ein motivasjonskonto der eg set inn tilsvarande spart ferjebillett dersom eg ollke tek med bilen over fjorden, skal vidareførast så snart det ikkje er glatt på vegane. Eg er ikkje glad i vinter med det den inneber av holke, kulde, isskraping og snømoking, så eg håpar det ikkje blir for gale med denslags. Samstundes er dette små problem i ein større samanheng, og eg lever eit godt liv og er nøgd med det. Kvardagen kjem sigande på, og det er greitt etter ein lang ferie med mykje rangling og god mat. Det har vore fint å ha flokken samla, men også deilig å roe ned aleine.
Desember 2024
Etter ein svært travel haust vart desember i overkant strevsom. I politikken har det meste dreia seg om budsjettarbeid, som kom i hamn med eit resultat eg er nøgd med. Jobbmessig vart eg ferdig med rettebunkane 10. desember, etter fire helger med intens retting. 13. desember hadde eg munnleg tentamen med norskklassa mi, og deretter var det julebordhelg i Fosnavåg. Etter dette begynte eg å hangle, og siste jobbdag måtte eg heim etter avslutninga med elevane, og gjekk såleis glipp av julegudsteneste og julelunsj med kollegaene. Eg vart liggande sjuk eit par dagar, men måtte kome meg på butikkar for å handle inn mat. Gåvene var eg heldigvis ferdig med. Julaftan feira eg i nokolunde oppegåande form saman med Bladfyken, og andre juledag var eg erklært frisk og kunne reise til Ørsta i juleselskap. Ungane feira jul med faren i år, men vart med meg heim etter selskapet. Så fekk vi fine dagar med turgåing, brettspel og mat. Ungane er flinke til å lage mat, så det vart oftast dei som stod for det, noko som kom vel med når mora framleis var slapp. Nyttår feira vi her heime, og då var Svigerson og Bladfyken her òg. Storeungane laga nydeleg kalkunmiddag, og rundt midnatt reiste vi til Folkestad for å sjå fyrverkeriet på hi sida av fjorden. I tillegg var det flott nordlys denne kvelden.
2024 har vore eit innhaldsrikt og hektisk år for meg, men det har vore mykje gøy og interessant på vegen dit. Eg har fått mange positive tilbakemeldingar på arbeidet eg gjer på jobb og i politikken, og det er både hyggeleg og rørande.
Genser nummer 71: "Efterår" i Viking Eco Highland wool
Etter å ha strikka ein genser i dette garnet til Svigerson, ville eg strikke ein til meg sjølv frå same oppskriftsheftet. Flettemønster krev konsentrasjon, maskemerkarar og notatar, så ein kan ikkje prate for mykje medan ein arbeider. Eg er nøgd med resultatet og har planar om fleire av same sort (og garn på lager).
Genser nummer 70: "Eftirvænting" i léttlopi
Etter eit vulkanutbrot på Island i fjor fekk eg ein idé om å strikke ein vulkaninspirert genser i léttlopi. Eg brukte mønsteret til ein av favorittgenserane mine, som er strikka i lyseblått med mønster i beige og brunt, så denne vart svært ulik. Eg hadde gløymt at mønsteret stort sett er strikka med tre fargar om gongen, men det gjekk no bra til slutt. Eg hadde restar av mørleraudt frå før, men supplerte med gult, orange og lys oskegrå, og bolen er i mørk oskegrå - det syntest eg ville passe.
Genser nummer 69: "Delaware"
Denne genseren fall eg pladask for, trass i at den kracde tynne pinnar og dermed mykje arbeid. Den finst som strikkepakke både i burgunder og blått, og eg kjøpte begge. Garnet er Gann tynn merinoull, og fargane på denne er bordeaux, mørk bringebær og natur. Eg er ikkje veldig begeistra for kvaliteten på garnet, men genseren er fin. Eg fekk den ferdig til budsjettmøtet i midten av desember.
Bok 36 2024: "Kinamann" av Brynjulf Jung Tjønn
Etter at forfattaren var på vitjing hos oss på jobb, las eg mange av dikta hans og har brukt dei i undervisninga. Denne boka er ein roman, men den har mange sjølvbiografiske trekk. I boka møter vi ein ung vaksen mann som fortel om oppveksten sin som adoptert koreansk sogning, og om livet hans seinare. I boka reiser han til Sør-Korea for å finne ut meir om seg sjølv og skrive på si neste bok. Dette er ei god og interessant bok som fleire bør lese. Den er lettlesen og enkel, men likevel viktig.






