fredag 16. oktober 2026

Genser nummer 91: Edelweiss i Gann Tynn Merino

 


Ein dag det var halv pris på strikkepakkar på nett, fall eg for freistinga og kjøpte denne. Garnet er tynt og litt "slaskete#, så det har lett for å splitte seg. I tillegg er det relativt tynt, og genseren har to fargar i alle stripene i mønsteret. Som om ikkje dette er nok, strikka eg genseren i storleik Large, så den er for stor. Då eg hadde strikka den ferdig, fekk eg den nesten  ikkje over hovudet fordi halsopninga var trang. Eg rekte derfor opp halsen, men så miste eg så mange masker at eg måtte rekke opp ein heil del ekstra. I dag festa eg trådane, og no ser han ikkje så verst ut, genseren. Eg trur eg skal dampe den, ikkje vaske den, før bruk, for eg er redd han mister fasongen ved vask. 

Eg har eit stygt kallenamn eg har brukt om genseren, for den har vore irriterande frå starten av. Og apropos irriterande, så innebar freistinga at eg kjøpte ein strikkepakke til, i ein annan farge. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar