fredag 11. juli 2025

Bok 7 2025: "Møllergata 19 - Gestapos fengsel" av Vegard Sæther


Tittelen på boka seier vel sitt denne gongen. Boka handlar om ulike fangar og deira opphald i det berykta Gestapofengselet, men òg om dei som jobba der og korleis kvardagen var for fangane. Om lag 7000 nordmenn var innom fengselet som fangar, og mange av dei vart mishandla og drepne. Det er inga hyggeleg bok å lese, men denne gongen var eg ute etter å lære noko, ikkje kose meg. 

Bok 6 2025: "Vargskinnet - Skrapelodd" av Kerstin Ekman


Trilogien om vargskinnet vert avslutta med forteljinga om presten Ingefrid, som kjem til Svartvattnet for å finne ut meir om forfedrane sine, og for å ta seg ein pause i sitt eige liv. Forteljaren Risten har no blitt gamal, slik ho for så vidt har vore som forteljar i dei to første bøkene òg, og ein kan sjå at Svartvattnet meir enn nokon gong har blitt ein utkant. 

Bøkene er gode, det er ingen tvil om det, men eg hadde forventa meir av den siste boka enn det som kom. Eg likte dessutan best den førsta boka, fordi den skildra jordmorgjerninga på ein så god måte.

Bok 5 2025: "Vargskinnet - Morgen kommer" av Kerstin Ekman


Den andre boka i trilogien handlar mest om Myrten, som er dottera til Hillevi. Ho reiser frå Svartvattnet til Stockholm og opplever der noko som blir ein stor løyndom i livet hennar. Handlinga er lagd til andre verdskrig, så det skjer dramatiske ting på fleire stader, sjølv om Sverige ikkje var aktivt med. Det er også ein annan person som er viktig i handlinga, og som flyktar frå Svartvattnet til Noreg, for så å reise rundt i Europa. Som lesar ventar ein på at alle skal møtast.

Bok 4 2025: "Vargskinnet - Guds barmhjertighet" av Kerstin Ekman

 


Denne boka las eg for mange år sidan, og då eg for ei tid sidan fann den i ei bokhylle, tenkte eg at eg kunne leite etter serien på Storytel. Eg hadde nemleg berre lese denne første boka i serien, og eg hugsa ikkje stort anna enn at eg likte den. Ein av grunnane var at den var frå #gamle dagar", i eit for meg ukjent miljø. Forteljarstemma er Risten, som fortel om då fostermora Hillevi kom til Svartvattnet i Jämtland for å arbeide som jordmor i 1916. Boka er veldig interessant, både når det gjeld forteljemåte og skildringa av arbeidet som Hillevi må utføre. Det er ei bryting mellom det gamle og tradisjonelle på den eine sida, og den moderne og skulerte jordmora på den andre. 

Bok 3 2025: "De uverdige" av Roy Jacobsen


handlar oftast om vaksne sin innsats, men i denne boka skildrar forfattaren ein flokk ungdomar på austkanten i Oslo og deira kamp for tilveret. Den består mykje i å stele, svindle og forfalske, og det er ei spennande og litt annleis bok om korleis det kan vere å leve i ekstreme situasjonar.

tirsdag 8. juli 2025

Tur til Oslo og Stockholm

I år ville vi ha ein roleg ferietur med byopplevingar, og valet fall på Stockholm. Bladfyken hadde vore der før, og eg hadde vore i utkanten av byen på ei hundeutstilling ein gong i tida. Ingen av oss hadde verkeleg utforska byen. Etter ein del vurdering fann vi ut at vi ville ta tog frå Otta til Oslo, bli der eit par netter og deretter reise vidare. På Otta kan ein parkere gratis nokre få meter frå stasjonen, og vi kom i god tid såpass vi tok oss ein matpause før vi sette oss på toget. Det var verkeleg avslappande, då ingen masa om å sjå billettar eller om at vi måtte kjøpe noko, så vi fekk roe oss skikkeleg ned med bok, strikking og søvn, alt ettersom.

I Oslo hadde vi bestilt to netter på Plaza, som ligg rett utanfor Oslo S. Ekstremt praktisk, og ikkje så dyrt som ein kunne frykte. Rommet var fint og stort, så vi hadde ingenting å klage på. Det vart ikkje til at vi testa badebassenget på hotellet, fordi vi ikkje ville drage med oss vått badetøy vidare på reisa, og eg visste ikkje at der var basseng før vi kom. 



Då vi kom fram, kontakta eg Eldstejenta, som tok med seg venninna og møtte oss til middag på Balthazar, i bakgarden til domkyrkja. Eg var der i fjor då eg besøkte Eldstejenta, og eg syntest liksom vi fekk sydenstemning der. Etterpå vart jentene med oss til hotellet og baren i toppetasjen. Der var smekkfullt, men Eldstejenta hadde ringt ei venninne som jobbar der og fått henne til å reservere bord til oss. Det var veldig hyggeleg!




Neste dag gjekk Bladfyken og eg på museum. Han hadde ikkje verken sett det nye nasjonalmuseet eller det nye Munchmuseet, og det var mykje av grunnen til at vi tok oss ein dag i Oslo. Middagen tok vi på ein italiensk restaurant like ved Munchmuseet, og då var det kort veg attende til hotellet etterpå.

Dag tre tok vi tog til Stockholm, og der låg vi på eit Radissonhotell like ved sidan av sentralstasjonen der. Det var tydelegvis eit litt skumlare strøk, men der stod drosjer parkerte til ei kvar tid, og det kjendest litt trygt. Vi kom fram tidleg kveld, og etter å ha fått tinga våre på plass, gjekk vi til Gamla Stan, der vi sightsa litt og åt middag på caféen "Kaffekoppen" i det berømte raude huset på torget. Bladfyken sette att sekken sin der, men fekk den attende neste dag. Det var nesten eit under, spesielt sidan han hadde lagt ei lommebok med kontantar i sekken. Gamla Stan vart den staden vi tilbragte mest tid i, for der var veldig triveleg med fine gamle hus og smale gater. 






Dag fire for vi til Wasamuseet og såg det gamle skipet som vart berga opp av vatnet 333 år etter at det forliste. Skipet var eit imponerande syn. Etterpå skulle vi eigentleg på Abbamuseet, men der var lang ventetid. Systa hadde sendt meg melding om at dei var i Gamla Stan, og vi tok båten dit og møtte dei til bursdagsfeiring på ein liten café i Vesterlånggatan. Vi gjekk opp på torget saman med dei òg, før dei skulle reise attende til Uppsala. Vi skulle handle litt souvenirar og liknande, så vi vart verande litt lenger. Då begynte det å blåse kraftig, og det var nesten strabasiøst å kome seg over bruene heim til hotellet. Vel framme stakk eg i badebassenget. Vatnet der var ikkje så varmt, men eg kunne òg ta boblebadi varmt vatn og "bara bada bastu". Denne kvelden hadde eg anlegget for meg sjølv mykje av tida, og det var veldig deilig. Bassenget var lite, men der var veldig reint og fint. Etter badet spiste vi middag på ein thairestaurant like ved hotellet.









Dag fem for vi tidleg til Abbamuseet for å unngå kø. Det var eit morosamt museum med mykje musikk og film, blant anna. Museumsbutikken var ein skuffelse, men noko skal ein ha å klage på. I fjor var vi på Beatlesmuseum, og heile Liverpool var full av "merch". Etter Abbamuseet gjekk vi til Skansen, der vi tilbragte det meste av dagen. Der var utruleg mykje å sjå, både gamle hus, rosehage med statue av Linné, dyrehage, musikalshow med meir. Vi rusla roleg rundt og såg på det meste, og til slutt enda vi opp på ein café der vi skulle bestille rekesmørgås, men dei var utselde. Elles var det ein veldig kjekk dag.




















Dag seks hadde vi tenkt å leige bil og køyre oss ein tur ut av byen, men vi enda opp med å gå på Nordiska Museet, som var eit veldig flott museum. Der var møblar, dekketøy, klede, kunst, kvardagsting og liknande frå ulike periodar, slik det plar vere på museum, men der var òg forteljingar om einskildmenneske som ein kunne høyre på. I tillegg var det eit flott bygg. Då vi kom ut, hadde det begynt å regne. Vi hadde tenkt å ta eit båtcruise viss vêret tillet det, men det gjorde det altså ikkje. Vi tok eit minicruise over med båten til Gamla Stan ein siste gong, rusla litt i gatene og fann ein café der eg endeleg fekk meg ein rekesmørgås. Vel heime på hotellet gjekk eg i bassenget att, sidan eg allereie var gjennomvåt.








Dag sju sjekka vi ut og gjekk rundt hjørnet til sentralstasjonen. Det var ingen problem med togturen denne gongen heller, og vi fekk oss ein pause på Oslo S såpass vi fekk oss middag og kaffi før vi reiste vidare til Otta. Der stod bilen og venta. Klokka var då 21.30, og vi hadde ein del problem med å halde oss vakne på turen heim. Det vart nokre pausar med frisk luft og cola, og til slutt var vi trygt heime.

Begge var samde om at det hadde vore ein kjekk tur, at det er fint å reise med tog og at Oslo Plaza skal vere favoritthotellet i Oslo framover (eg reknar med at ein skal dit igjen). Høgdepunkta i Stockholm meiner eg var Gamla Stan, Nordiska museet og Skansen, og så var det kjekt med den skyssbåten, som var omtrent som "Sundbåtan" i Kristiansund. 


søndag 22. juni 2025

Genser nummer 77: "Anny" av Dorthe Skappel

Eldstejenta ville gjene ha ein slik genser, men dei var lenge utselde på nett. Då den kom attende for sal, bestilte og strikka eg den - men trådane har eg ikkje festa før i dag. Det er den keisame delen av strikkearbeidet. I strikkepakken var der like mengder gult og turkis garn, så eg løyvde meir enn to nøster turkis. Det er irriterande, for tråd er dyrt for tida. Likevel hadde det vore verre dersom det hadde vore for lite garn, så eg trøystar meg sjølv med at eg sikkert finn noko å bruke restegarnet til. Genseren var kjekk å strikke, etter kvart som mønsteret vart "logisk".