søndag 23. mars 2008

Dåp på 15-årsdagen


Det var ein stor dag for eldstejenta i dag. Ho hadde bursdag og vart 15 år, og i tillegg var det dåpsdagen hennar. Gubben og eg har alltid vore imot at borna skal døypast før dei får sjanse til å gjere seg opp ei sjølvstendig meining, og vi har aldri gått inn for at dei skal få ei kristen oppseding. Likevel er vi kanskje oftare i kyrkja enn mange andre. Når eldstejenta bestemte seg for å døype seg og konfirmere seg i kyrkja vart vi ikkje overlukkelege, men vi respekterer henne for det valet ho har gjort. Ho er ei kjekk og modig jente som gjerne ville vere i fokus på denne for henne viktige dagen. Besteforeldra stilte som fadrar, og Hareidsgjengen stilte som gjester.

4 kommentarer:

  1. Det var nesten same bilete som var på mamma sim blogg.

    SvarSlett
  2. Eg synest Solveig sitt bilete var betre, faktisk.

    SvarSlett
  3. Om ein ikkje er einig i alt, kan det vel vere greitt med litt fredelege og høgtidelege tradisjonar/samhandlingar. Tenk om vi mista retten til å ha dåp, konfirmasjon, bryllaup og begravelse? Ville vi ikkje då bli litt "fattige"? Sjølvsagt kostar det litt, men ein treng vel ikkje slå på stortromma? Ja, slik ser eg det, men eg er no berre ei gamal tante med ein del livserfaring. Fin jente og stor dag. Gratulerer og hels!
    Eidabesta

    SvarSlett
  4. Ja, jenta er i alle fall bevisst, og det er det viktigaste. Ho har eigen blogg som du finn lenkje til viss du har lyst til å bli betre "kjend" med henne.

    SvarSlett