fredag 28. mars 2008

Tvi tvi, Bianca

Ein av lidenskapane våre som ikkje har kome tydeleg fram på bloggen enno, er hundeutstillingar. Tispa vår manglar eit "cert" (certifikat) frå ei NKK-utstilling for å bli champion, medan hannhunden berre ventar på å bli gammal nok. Denne helga er Gubben og eldstejenta i Bergen for å prøve å få eit cert til tispa. Det er lov å håpe. Biletet viser oppdrettaren av hundane med eit "knippe" håpefulle på Bergensutstillinga i fjor. Yngsteguten vår var med på spesialutstilling på Hokksund då han var 2 1/2, og då var vi ein leir med ni grå og kvite hundar. Han såg kven som var kven av dei - utruleg nok! No har det kome til tre brune og kvite i "familien", og då er det litt lettare. Hundeutstillingar er mykje fjas og fjoll, men det er òg utruleg spennande og interessant. Ikkje minst frå eit sosialantropologisk synspunkt.

6 kommentarer:

  1. Dei er no snille og gode, det held for meg. Skulle gjene hatt ein av dei til sofakamerat!Fekk melding frå eldstejenta at dei var komne til B.xpsg

    SvarSlett
  2. Merkeleg "tomt" i heimen når det berre er tre born og meg (det er det eg kallar heime aleine).

    SvarSlett
  3. Eg forstår meg ikkje så mykje på skilnaden på "gode" og "dårlege" hundar, men vi kjem gjerne på hundeutstilling i Ørsta til dømes og lærer meir. Då vi var der sist, følte vi ein viss Harry-faktor. Folk var seg sjølv, for å seie det sånn. Campingstolen og campingvogna var ikkje langt vekke.
    Ungane likte best agility, og bygde ei bane til kanina då dei kom heim.

    SvarSlett
  4. Eg hadde trudd at hundefolk var venlege, sunne og sporty - men der tok eg feil! Svært mange overvektige, storrøykande og ikkje minst vulgære menneske. Det varierer veldig med rasane - puddelgjengen er fint pynta (litt harry det òg) medan schæfergjengen kanskje ser verst ut. Men det er morosamt å oppleve anna enn det streite lærarmiljøet òg.

    SvarSlett
  5. Kanskje du kan ta ein mastergrad i sosialantropologi ved å studere folk og dyr på slike utstillingar og skrive om det.Det blir jo gitt ut bøker om det meste, og ei slik bok ville vel gå som varmt kveitebrød blant hundefansen. Kanskje ei salsbod på utstillingsplassen????

    SvarSlett
  6. Det er vel mogleg at nokre av dei kunne ha blitt fornærma... Men ei krimbok frå utstillingsmiljø kunne vore morosam. Noko for Anne B, kanskje - ho skriv så ofte om hundar likevel.

    SvarSlett