onsdag 2. april 2008

Isn't it good?


Med solsteik på plattingen og ungane på trampolina fekk eg endeleg lese ut Haruki Murakamis "Norwegian Wood" frå 1987. Boka er eit tilbakeblikk til slutten av 60-talet, noko som ikkje er særleg relevant for handlinga, men som treff tittelen godt. Det er ikkje ofte ein boktittel sit så godt som denne, spesielt viss ein tenkjer på den første linja: "I once had a girl, or should I say she once had me?" Sjølv om handlinga ikkje er spesielt interessant, grip personane i romanen meg på eit vis, og eg blir interessert i å vite korleis ting heng saman. Ein får dessverre ikkje alle svara ein kunne ha tenkt seg, og ein vender aldri attende til 1980-talet, men slik er stemninga i songen òg. Det er mi første japanske bok, og eg har allereie nemnt ein gong at eg likar å lese bøker frå andre land, så no må eg skaffe meg "Kafka på stranden". Og håpe på meir solskin på plattingen.

2 kommentarer:

  1. Kafka på stranden er lett å lese, men ikkje så lett å forstå! Det er vel derfor denne forfattaren fenger MEG i alle fall. Likar å ha noko å spekulere på.Kanskje du kan forklare meg noko. Norwegian Wood har eg ikkje funne på biblio her.

    SvarSlett
  2. Eg har lese Norwegian Wood. Eg veit det er yndlingsforfattaren til ei av venninnene mine, men må innrømme at boka var sånn midt på treet etter mi meining.

    SvarSlett