søndag 27. april 2008

Sunn middag


Laurdag bestemte vi oss for å droppe laurdagsgodt i form av snop, og heller lage ein sunn og god middag. Det var eldstejenta som foreslo at ho skulle lage noko godt dei hadde laga på skulen, og vi andre var sjølvsagt einige i at det var ein god idé. Gubben var oppteken med husvask, medan Gamla retta stilar og lufta hundar, og begge var glade for å få hjelp på kjøkkenet. På grunn av overhengande fare for svolt fekk eg ikkje teke bilete før grønsaklasagnen var halvvegs vekk frå forma. Maten var både sunn og god, så etterpå vart det til at borna laga brownies...

6 kommentarer:

  1. Vi har ikkje laga den enno, men skal ha valfrie kjøtdeigrettar om eit par veker. Eg brukar å erstatte det meste av sellerirota med kjøtdeig 1/3-1/2 pakke.
    Tysdag begynner vi på klippekrans.

    SvarSlett
  2. Dei hadde visst laga den med kjøtdeig på Folkestad òg...

    SvarSlett
  3. Kva er gale med kjøttdeig?
    Det viktigaste for at denne retten skal bli sunn, er at ein har rikelig salat attåt.
    Eg lagar Lasagne berre kvar gong eg ventar Rasmus heim. Det er blitt ein tradisjon.Det er kjempegodt, men det er ikkje akkurat kalorifritt.

    SvarSlett
  4. Kjøtdeig er oftast ganske feitt. Ost er òg "fett nok"...

    SvarSlett
  5. Det var omtrent det eg meinte...litt feitt frå eller til. Eit litt dyrare og betre alternativ er karbonadedeig.

    SvarSlett
  6. Ingeborg og eg har same kokebok.... Eg tek ikkje støyten med å lage pizza og lasagne utan kjøtdeig. Men då vi hadde valfrie VEGETARRETTAR valde dei sjølve både pizzasnurrar og anna. Då var det greitt. I dag laga ei gruppe denne lasagnen. Det er gulrota dei reagerer på, men finraspa gulrot, det gir eg meg ikkje på!!!!
    Med mykje grønsaker vert dette ok mat, meiner eg.
    Elles brukar eg å lage kvit saus med ristejamning, då sparer ein litt feitt. Karbonadedeig kjøper eg ikkje p.g.a. prisen, svinekjøtdeig og kyllingkjøtdeig p.g.a smaken.

    SvarSlett