torsdag 1. mai 2008

1. mai



Vi styrer og lagar til til konfirmasjon, og rundt oss kjem våren for fullt. Eg tenkte eg skulle legge inn nokre bilete frå hagen slik andre i slekta har for vane, så no har eg teke meg ein runde. I fjor haust sette eg ned store mengder med "narsisser i blanding", og stor var skuffelsen då det som kom opp viste seg å vere heilt alminnelege påskeliljer, med eit heiderleg unntak på biletet over. Eg er spesielt på jakt etter noko som eg hugsar frå barndomen på E; nemleg kvite pinseliljer med gult "fyll" og ei raud rand ytst på midten. Slike skulle det vere i "blandinga", men eg har ikkje sett noko av dei enno. Eg sette òg ned nokre fylte/doble narsissar, men heller ikkje dei svara heilt til forventningane.

I krukkene skulle eg plante raude og rosa rosebusker, så eg sende Gubben på shopping med klare instruksar. Ikkje klare nok, viste det seg...Fjorårets nyhende, små oransjeraude tulipanar, har òg kome fram. Stemorsblomane som eg planta etter at tulipanane var avblomstra i fjor, har kome attende dei òg. Steinane stammar frå badestranda på Øysand camping i Trondheim, der vi var på jonsokaftan i fjor (då nummer 1 stilte Bau så han fekk storcert). Vi konstaterer at våren er komen. Her er fryd og glede.

4 kommentarer:

  1. Dei pinseliljene du skildrar kjem seinare enn påskeliljene, trur ikkje våre blomstrar enno. Trur det er på tide eg tek meg ein tur rundt huset og sjekkar-ikkje berre registrerer vårteikna frå altanen.Det kan bli ein bildeserie herifrå også, men det meste kjem seinare. Berre dei tidlege tulipanane er komne i blomst.

    SvarSlett
  2. Eg gjorde det same og oppdaga at det kom ein og ein farge, ikkje som på bildet.....

    SvarSlett
  3. AHAAAAAA - kanskje det er håp likevel? Eg sette ned "tulipaner i fargeblanding" også, så då kjem vel raude?

    SvarSlett
  4. Kanskje, ja. Elles hadde L fått støtte for rosekjøpet her i huset.

    SvarSlett