mandag 26. mai 2008

Eksamen

På jobb er det rolege dagar for oss lærarane medan elevane har eksamen - faktisk har vi det ALTFOR roleg. Vi sit nemleg vakt, noko som består av å sitje og kike på elevane og dataskjermane deira. I dag var eg så heldig at eg fekk gå etter 1 time i staden for 2 1/2 fordi elevane leverte så lenge før tida. Det var gode oppgåver både i dag og torsdag, og det er alltid greitt å sjå at ein har førebudd elevane etter beste evne. Etter å ha blitt inspirert av finalen i "Puls" gjekk nummer 3 og eg tur i skogsvegen med hundane. Eg slit enno med etterverknader av sykje, men det går framover. Det var deilig å gå ein skikkeleg tur med lukt av hegg og tilløp til sol. Og så er det mykje meir min stil å gå tur enn å sitje stille og stirre på elevar...

2 kommentarer:

  1. I morgon skal eg sitte vakt på datarommet i 6 timar. Gørrkjedeleg. Men eg er eit anna menneske enn etter 6 timar på skulekjøkenet.

    SvarSlett
  2. Det er deilig å komme seg ut i skog og mark enten det er vinter eller vår! OG her på våre kantar må ein nytte fineveret.Fysioterapeuten min seier at ein bør begynne å tenkje alvorleg på trening frå 40-årsalderen(om ikkje før).

    SvarSlett