mandag 12. mai 2008

"Fargesprakande blanding"


I haust sette eg ut tulipanar og narsissar i "fargesprakande" blanding, og endeleg kjem det litt anna enn gule påskeliljer og rosa-lilla tulipanar. Yndlingane mine hittil er kvite tulipanar og nokre småblomstrande narsissar. Hittil ingen pinseliljer som dei eg hugsar frå barndomen...

3 kommentarer:

  1. Kvar vår tenkjer eg at eg skal ta bilde av alle løkbedda, så kan eg sjå til hausten kva eg må supplere med. Hittil har det ikkje funka. Narcissane dine er fine og kvitt er lekkert, men særleg fargesprakande vil eg ikkje kalle beddet-enno.

    SvarSlett
  2. Mamma skriv det eg tenkjer. Sjå tilbake på bloggen til hausten. Eg er som regel "ferdig" med hagen i oktober, men når våren kjem skulle eg ønske eg hadde sett fleire løkar.
    p.s.
    Blå perleblomster får eg stadig fleire av sidan eg kjøper dei til krukkene og plantar dei ut der eg ser dei vil passe neste år.

    SvarSlett
  3. Her går det motsett veg, er eg redd. Under syrinen ved buda har eg sett ein del løkar, men der er ikkje god nok jord til at alle kjem att. Eit bed som skal avviklast, altså.

    SvarSlett