søndag 11. mai 2008

Kafka på stranden



Besta anbefalte denne boka for lenge sidan, og no har eg endeleg fått lese den ut. Det har vore ei fryd frå byrjing til slutt! Boka er ein heilt fantastisk og annleis danningsroman på grensa mellom fantasi og røyndom. Eg kan ikkje påberope meg å ha forstått den heilt og fullt, men kosa meg har eg gjort. Bok nummer 12 blir sikkert noko heilt realistisk og kvardagsleg berre for å gjere kontrasten størst mogleg.

4 kommentarer:

  1. Kjekt at du likte boka. For meg funka den i alle fall, og eg trur du har same synet som eg. Når det han gått litt lenger tid sidan første lesing, vil eg lese den ein gong til. Då forstår eg kanskje litt meir? Sjølv om ikkje alt er så lett å forstå, er den veldig lettlesen.

    SvarSlett
  2. Einig i det, og så er det viktig å legge på hylla alle forventningar om at handlinga skal vere fullt ut realistisk.

    SvarSlett
  3. Den er som eit eventyr eller ein metafor eller kva ein vil kalle det. Isabell Allende har også nokre "eventyrlege" bøker, t.d. Åndenes hus, som eg blei veldig betatt av.Realisme har vi nok av i kvardagen.No held eg på med ei dansk bok som eg skal skrive om når eg har lese den ut.

    SvarSlett
  4. Trur det er "magisk realisme" det heiter - Isabel Allende, Gabriel Marcia Marques etc.

    SvarSlett