mandag 12. mai 2008

Langevatnet




Med tre sjuke barn i heimen er det kanskje ikkje så snilt å gå på tur, men dei tre sjuke ville gjerne vere for seg sjølve. Særleg letta vart dei då vi tok med oss veslebroren, som førebels er svært frisk. Vi gjekk til Brundalen og vidare inn til Langevatnet. Ærendet var å fiske krede, men det vart pølser til middag, for å seie det slik. Oppe i høgda var det mykje kald vind, men heime var det strålande.

2 kommentarer:

  1. Trasig med sjuke ungar, men godt at sykja kom til dykk først etter konfirmasjonen. Nydelege natur-bilder, de har verkeleg eit vakkert turterreng å boltre dykk i.
    Eidabesta

    SvarSlett
  2. Vi boltrar oss mest mogleg! No er det så mykje dagslys at det er mogleg å gå turar til langt på kveld.

    SvarSlett