fredag 9. mai 2008

Ny vri i frisk bris



Nydeleg ver, to heildagsprøvebunkar. Eit uløyseleg dilemma? For mange innlegg sidan skrytte eg uhemma av eit sett med to stolar og eit bord, pent plassert i eit lite hjørne der ein har ly for vinden. Denne sittegruppa vart omgjort til heimekontor i dag, og heile 14 norskstilar vart omhyggeleg lesne, retta og kommenterte av ein strålande blid og bikinikledd norsklærar. Ut på dagen kjem her ofte ein isande kald vind dei kallar "utrøne", og i dag greip denne fatt i ein bunke stilar så desse fauk nedover blomebeda medan Gamla spratt etter, framleis bikinikledd og i tillegg berrføtt og skrålande - ikkje lenger strålande. Hestane kika dumt på meg - elles var eg visst aleine i bygda, såg det ut til. Men eg gjekk inn med stilane og sette meg heller inntil solveggen og las i ei bok. No når sola har gått ned, sit eg inne og rettar engelsk heildagsprøver direkte på data. DET er ikkje så lett å gjere ute.

4 kommentarer:

  1. Hm, den berbare Pc-en fyk vel ikkje?

    SvarSlett
  2. Nei... Problemet er å sjå når sola skin på skjermen...

    SvarSlett
  3. Du har nok ikkje valgt dei lettaste faga å undervise i, mykje rettearbeid både i norsk og engelsk, men slik er livet. Du får glede deg til ein laaang sommarferie. Eidabesta

    SvarSlett
  4. Ja, sommarferien er gull verdt! Vi lærarar er så privilegerte som får ha fri samtidig med ungane i alle feriar - då er dettil å halde ut at mange helgar og kveldar resten av året går med til retting. Og faga mine brenn eg skikkeleg for, sjølv om det er mykje arbeid.

    SvarSlett