lørdag 24. mai 2008

Bok nummer 13 i 2008: "Sjiraffens tårer" av Alexander McCall Smith


Andre bok i serien om "damenes detektivbyrå nummer 1" er no med på lista over lesne bøker. Ingen stor litteratur, men passe pretensiøst på ein dag som denne. Minsteguten og eg var i barneselskap, og etter det har vi kosa oss ute. Resten av familien dansa ballett i fineveret. No er det snart Grand Prix - eit av årets store høgdepunkt for ein gammal entusiast. I fjor var det norske bidraget redselsfullt, og det kom ikkje til finalen. I år er vi med, men eg er no ikkje så overbegeistra for songen. Den er komponert av ein femtenåring, og slik høyrest den ut òg. Men eg er sjølvsagt patriot ein slik dag, så vi heiar på Maria.

7 kommentarer:

  1. Er samd med deg både når det gjeld boka og melodien. Men først hadde eg panikk for at Sverige skulle vinne, så galdt panikken Hellas. Det kan bli for kommersielt.Eg hadde sansen for Danmark, Kroatia og Portugal blant andre. Portugal begynte eg ikkje å like før eg hadde hørt den mange gonger. Trur at mange av dei som stemmer ikkje har høyrt NOK på songane.
    MGP fan.

    SvarSlett
  2. Vi får vere fornøgde med ein 5. plass. Best i Norden, for å vinkle det positivt. Noko meir kunne ein ikkje vente. Av dei som kjmpa om teten, likte eg best Russland. Elles likte eg Israel.

    SvarSlett
  3. I år likte eg mange: Tyrkia, Israel,Ukraina, Finland, Romania m.fl. Ikkje spesielt Russland, og i alle fall ikkje Hellas (spesielt dama hadde eg store problem med). Sverige var utruleg fengande, men etter gammal og velbrukt modell. Og så DEN dama... Femte plass er svært bra, men ho kommentatordama innleidde med å seie at vi gjekk for gull, og då MÅ ein jo bli skuffa.

    SvarSlett
  4. Gje oss Jostein Pedersen attende!!!! Kommentarane hans løfta Grand Prix fleire hakk!!!

    SvarSlett
  5. Ja, ho dama vart ein lettvektar til og med samanlikna med Per Sundnes...

    SvarSlett
  6. Kommentarane hennar var så vidt eg kan bedømme dei same som ho hadde i semifinalane? Likar best den litt ironiske stilen. Derfor tykte eg også at Irlands bidrag var morsomt.Synd dei ikkje kom med.Men mgp har jo blitt ein eigen sjanger med lite plass for nye idear.

    SvarSlett
  7. Eg syntest ho sa noko om at programleiarane ikkje hadde førebudd seg.

    SvarSlett