onsdag 18. juni 2008

Flott bukett


Så er det slutt: årets norskelevar er ferdige med allmennfagleg påbygging og er klare for å erobre verda. I dag brukte eg ettermiddagen til å dekke på til 200 og pynte festsalen til avslutningsfest. Programmet bestod av talar frå rektor og russepresident (som var svært flink!), songar, musikk og film/bilete. Maten var, som i fjor, pastasalat, salat og brød. Etter maten fekk elevane utdelt karakterane sine, og så tok vi farvel og gjekk kvar til vårt. Det er alltid rørande når avgangselevane stiller i finstasen og møtest for siste gong. Mine elevar gav meg nydelege blomar og nokre velvalde ord med på vegen vidare ("det vakje so gale å ha ti tima norsk i veka når me hadde dej" er vel det næraste eg kjem ros). Dei er ein flott bukett, og eg ønskjer dei alt godt vidare i livet!

5 kommentarer:

  1. Buketten var som skreddersydd til fargane på kjøkkenveggene og voksduken, for å vere litt prosaisk. Om nokre år tenkjer dei nok tilbake på norsktimane med glede, dei er vel berre ikkje heilt modne for det enno. Dessverre er det mange menneske som aldri får sansen for litteratur.Tenk kva dei går glipp av!!!!

    SvarSlett
  2. Kjekt å sjå at buketten passa inn på kjøkkenet!

    Eg treng ikkje tid på meg; eg tenkjer tilbake på norsktimane med glede allereie no! Eg har alltid likt norsk, så ti timar i veka gjorde meg ingenting (eg har alltid vore meir "aktiv" i norsktimane enn i gymtimane for å seie det slik). Og takka vere deg kjem eg aldri til å gløyme verken dei fire store, "små-adna" eller Trymskvida!

    PS: Ja, eg er fast lesar av bloggen din ;p

    SvarSlett
  3. Oj, det var overraskande, Kristina! Men sjølvsagt koseleg, då! Blått og gult kan vere fint ilag det, og eg skal til Sverige i sommar, så då får eg sjå nok av dei fargane. Kanskje det blir ein tur til Astrid Lindgren land?!

    SvarSlett
  4. ja, eg fann bloggen heilt tilfeldig då eg kjeda meg og søkte etter hunderaser :p

    Astrid Lindgrens verden, jaa.. Dit skal nok eg óg ein vakker dag!

    Forresten; ikkje halshøgg meg fordi eg skriv blogg på "riksmaalet". Alle lesarane mine skriv bokmål, og eg er redd eg hadde mista mange dersom eg skreiv nynorsk. haha! ;)

    SvarSlett
  5. Tenkte eg skulle kommentere det, ja. Morosam blogg - hadde tenkt å legge inn ein kommentar, men så var eg redd du skulle tru eg var ute etter solbrillene!

    SvarSlett