torsdag 12. juni 2008

Pokerfjes, peptalk og pizza

Måndag fekk eg meldinga: eg får opp eit parti i norsk munnleg på komande måndag. Sidan det har eg gått rundt med pokerfjes - det vil seie; eg har i lengre tid sagt at dei truleg kjem opp, og vi har brukt mykje tid på repetisjon. I dag fekk elevane meldinga, og eg må seie dei tok det sporty. Resten av klassa kom opp i organisasjonslære, historie og engelsk. Vi brukte litt tid på ein "peptalk" om kva som er viktig/mindre viktig i pensum. Det er ikkje så lett å gi råd når ein allereie har laga fleire av oppgåvene, men eg har laga meg ei tale som eg har drege fram dei siste åra. Det er femte gongen eg får opp elevar i norsk sidan eg begynte på jobben hausten 2002, så eg trur eg kan dette no. Likevel er det eit herk og eit styr, og eg synest synd i elevane som må slite seg gjennom det enorme pensumet.

Vel heime hadde eldstejenta hatt "heimedag" i mat og helse, så huset var reint og ryddig, speltpizzaen stod i omnen og på kjøkkenbenken låg nysteikte brownies. Fantastisk! Med ei lita middagskvild vart livet ikkje så verst. Vi skulka forresten barnehagens grillfest i pøsregnet (alvorleg tala: eg er ikkje ei dårleg mor for det, vel?).

2 kommentarer:

  1. Ein kan no alltids håpe på ein kollisjon, slik at ein DESSVERRE ikkje kan vere to plassar på ein gong. I går spelte Olaug eit par korte melodiar. Då måtte eg høyre på alle på Hareid som har prøvd seg på piano og fiolin. Noko bra og artig sjølvsagt. Laurdag vert det ballett.

    SvarSlett
  2. Eg synest det er heilt unødvendig med alle "avslutningane" både til jul og sommarferie. Det tykte eg då eg jobba i skulen også, så der begrensa vi det etter kvart. Heller ein skikkelig programdag i løpet av skule-/barnehageåret. Litt annleis når dei sluttar for godt i barnehagen eller barneskulen eller noko anna.Og du var no heldig som hadde noko å skulde på! Lykke til med eksamen!

    SvarSlett