mandag 23. juni 2008

Supperådet


Her er eit bilete frå fredag kveld, då mange i bearded collie klubben var samla hos kennel La Faja til ein hyggeleg tradisjon: skikkeleg trøndsk kjøttsuppe! Ungane mine lurte på om den var like god som trøndersodd på boks, og det var den! Dette er sikkert siste blogginnlegg som omhandlar bursdagen min, så eg nyttar høvet til å takke for presangar, tekstmeldingar, blogghelsingar og helsingar på facebook. Det er ein overgang å bli førti, men eg synest eg har fått utretta mykje så langt i livet, så då er det ikkje så hardt.

5 kommentarer:

  1. Velkomne heim att! Ser ut som om det har vore kjekt på turen.Vi reiste forbi der i fjor haust og tilbrakte ei stund på kjøpesenteret i Charlottenberg, men der var vel ikkje de?
    Har nettopp vore på trening, men no har eg treningsferie til midt i august-med heimelekse!

    SvarSlett
  2. Du har ei gåve til gode her! Eg har planar om å ta den med til Ørsta onsdag. Den kan knusast og bør dermed ikkje vere med til Sverige! Amanda kan få si der!

    SvarSlett
  3. Vi var på eitt av kjøpesentra i Charlottenberg, der "Joe's Diner" var. Og så var vi midt inne i byen, der eg kjøpte meg ein Ekelund margeritt-løpar i same mønster som handduken frå Solveig.

    SvarSlett
  4. Kjempefint mønster. Eg likar som kjendt å kjøpe gåver, spesielt når eg kan kjøpe ting som eg sjølv ville like å få!

    SvarSlett