søndag 12. oktober 2008

Bok 37: "Frøken Smillas fornemmelse for sne" av Peter Høeg


Gjennombrotsromanen til Høeg er av eit heilt anna kaliber enn den eg las tidlegare i år. Smilla er ein kvinneskikkelse det er lett å bli interessert i, og sjølve "gåta" i boka er òg lett å bli fanga av. No må eg innrømme at dette med lydbok er noko eg slit litt med, så det har tatt si tid å kome gjennom alle 13 CD-ane. Fleire gongar har eg måtta spola tilbake eit par kutt fordi eg har begynt å tenke på noko anna; mellom anna måtte eg høyre det aller siste sporet tre gongar for å få med meg slutten. Boka er til tider svært fascinerande og spennande, men eg trur eg hadde hatt større utbytte av å lese papirutgåva.

7 kommentarer:

  1. Eg har sett lydboka på biblioteket, men ikkje lånt den fordi eg meiner eg har sett filmen.

    SvarSlett
  2. Eg trudde eg hadde sett filmen, men no trur eg at eg må sjå den ein gong til...

    SvarSlett
  3. Det er ikkje utan grunn at eg brukar lydbøker som "sovemedisin". Men eg har god tid til å spole-det har ikkje du.Det har sine grunnar at eg ikkje hugsar alt eg les. Viss eg skikkelig skal konsentrere meg om lydbøkene, må eg legge kabal på data samtidig.
    Snakka med ein mann på biblio i går som hadde prøvd seg på lydbøker-"men eg sovna"-sa ham!!!

    SvarSlett
  4. Jamfør mine tre sett med batteri på Jo Nesbø-digiboka!

    SvarSlett
  5. Eg høyrer ein del til og frå jobb, i tillegg når eg gjer rutinearbeid, vasking og bretting av kl t.d. Det eg les på senga, må eg ofte lese om att.

    SvarSlett
  6. Gratulerer med klokka:-P
    _olaug

    SvarSlett
  7. Boka er glimrende, men filmen er litt sånn passe. Er ikke så glad i lydbøker, synes det går litt tregt og jeg detter lett ut. Akkurat ferdig med Zafons nyeste, kjempemessig men tok litt vel mye av på slutten. Jeg har visst blitt mer og mer glad i bøker med litt gotisk preg trur jeg. En desj av Du Maurier og Brontè.

    SvarSlett