mandag 13. oktober 2008

"Dåkke som he lest boka... Ka dåkke syns?"

  • He han fått gitt ut fleire bøke, dinna forfattare?
  • De e no umuli å lese dinna boka når der ikkje e punktum - prøv å les den høgt då, og sjå...
  • Han skrive stikk i strid me alt me he lært i norsk hittil i live
  • De e no berre omjen og omjen de same heile tida, om dinna fordømte fela
Dette var, som nokre kan ha gissa, eit lite utdrag frå dagens refleksjon om den før nemnde boka av Jon Fosse. Personleg synest eg at 16-17-åringar er forfriskande ærlege og fri for snobberi. Eg har verdas beste jobb.

8 kommentarer:

  1. I dag har eg hatt om ein forfattar eg slit med å like;Vesaas. Eg hadde utstyrt meg med CD med dikt for å finne roa i starten. Eg er spent på kommentarane etter novella "21 år". Eg har aldri fortått det geniale i kjærleiksskildringane hans. No meiner eg dei er utgått på dato.
    Spørs kva dei kjem fram til....

    SvarSlett
  2. Eg er berre halvveges i boka, så eg kan kkje uttale meg sakkyndig. Men elevane dine har i grunnen heilt rett, i første omgang(Det var ein liten gut som først torde å seie at keisaren jekk utan klede). Men så er der dette udefinerbare....kanskje ein må vere litt eldre for å sanse det?
    Men at Jon Fosse skal vere eit litterært geni...?

    SvarSlett
  3. Vesaas er ein av dei forfatterane eg har hatt problem med også. Når det blir for mykje symbolikk, så grensar det mot det parodiske etter mi meining.Men også han får fram ei stemning utan å seie alt med reine ord. Akkurat det er fint.

    SvarSlett
  4. Herlege kommentarar frå ungdommane!

    SvarSlett
  5. Ja, det er kjekt å jobbe blant ungdom! Eg likar å kaste ut forskjellig for å høyre deira synspunkt. Og det er kjekt å få dei til å tenke i nye baner.
    Skal ein begeistre, må ein vere begeistra........
    Anvake får anten terningkast 6 eller 1. Det er opp til dei som dømmer, men det er ikkje ei midt på treet-bok.

    SvarSlett
  6. No har eg lese heile boka i full fart. Og skal eg gi terningkast blir det nærmare 6 enn 1.
    I ei tid der ein skal "sette ord på" alt er det stimulerande å få tenkje sjølv.Det er det som IKKJE er sagt som er spennande i denne boka. Dessutan fann eg mange punktum, for ikkje å seie komma! Skal lese den minst ein gong til.

    SvarSlett
  7. Vesaas er ikkje min favoritt heller. Hugsar vi las "Kimen" på norsk grunnfag, og eg opplevde han som ufrivillig komisk. "Framstupet i panna hans", hemnlystne grisar og eg veit ikkje kva... Til filmen "Isslottet" har eg berre ein kommentar: fast forward...

    SvarSlett
  8. Kimen var det ho heitte,ja. Kunne ikkje komme på namnet. Med fargesymbolikk knytta til raudt(negativt) og grønt(positivt), brann og grisar og det som verre var. Nei takk!
    Men han(Vesaas) digga visst Franz Kafka? Mens eg diggar Kafka på stranden.....no let eg om lag som Ivar Dyrhaug, vel???

    SvarSlett